Eit forsvar fullt av hol

På kryss og tvers av Noreg har over 30.000 allierte soldatar nett øvd seg på krig i landet vårt. Utan allierte på norsk jord står Forsvaret att med kritiske manglar.

– Krigen Putin fører i Ukraina, har endra tryggingssituasjonen i Europa fundamentalt og skapt ein ny normal. Så sjølv om krigen skulle slutte i morgon, vil han ha varig effekt, sa Nato-sjef Jens Stoltenberg då han vitja Nato-øvinga Cold Response i Bardufoss førre veke.

Nato-øvinga, som tok slutt torsdag, bringa saman 30.000 soldatar frå 27 land, fordelte på om lag 14.000 i landstyrkar, 8000 i sjøstyrkar og 8000 i luftstyrkar og stab. Ho involverte om lag 220 fly og over 50 farty.

Nato-øvinga vart planlagd lenge før Putin kommanderte styrkar inn mot Kyiv, men krigen er ei alvorleg påminning om at øvinga ikkje er symbolsk. Stoltenberg sa at Nato-landa no må tenkje fundamentalt nytt kring militært forsvar.

– Nato er den mest vellukka alliansen i historia fordi vi har klart å stå samla og endre oss når verda endrar seg. No endrar verda seg, og derfor må Nato endre seg igjen, sa Nato-sjefen.

Heftig debatt

Med Ukraina-krigen kjem krav om endringar også i det norske forsvaret. Særleg i forsvarskrinsar har debatten blussa opp. Og dei fleste formulerer seg langt mindre diplomatisk enn Stoltenberg. Sitata nedanfor er alle publiserte i debattinnlegg i fagbladet Forsvarets forum etter krigsutbrotet:

«Heile Marinen, og store delar av Kystvakta, må anten skiftast ut eller kraftig moderniserast for å oppretthalde eit minimum av kampkraft i løpet av dei neste 5–8 åra», skriv Tor Ivar Strømmen, som er orlogskaptein og ph.d.-stipendiat ved Forsvarets høgskole/Sjøkrigsskolen 3. mars.

«Soldatene i Heimevernet føler seg som annenrangs soldater med uniformer fra 70-tallet og ikke beskyttet slik de fortjener, som forsvarere av demokratiet og staten Norge», skriv Petter Olafsson, som er områdesjef for utrykkingsskvadronen i Stor-Oslo Heimevernsdistrikt 4. mars.

«Anskaffelse av strategisk luftvern kan ikke utsettes lenger», skriv generalmajor Tom Henry Knutsen og brigader Øyvind Strandman, båe i Luftmilitært Samfund 14. mars.

«Det norske forsvaret på sin side er så lite, og så ute av balanse, at vi ikke lenger er i stand til å sikre, motta og fremføre allierte forsterkninger», skriv generalløytnant og tidlegare hærsjef Robert Mood 22. mars.

Kritiske manglar

Ein fersk rapport, «Forsvars­analysen 2022», som er sett saman av 13 forskarar ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), ber ved til bålet. Analysen viser nemleg eit stort gap mellom sentrale forsvarsoppgåver og evna Forsvaret har til å løyse dei. Analysen viser at:

z Forsvaret har kritisk manglande evne til å handtere lufttrugsmål på kort sikt.

z Forsvaret har varige manglar innan kommunikasjon og overvaking.

z Planane for å utdanne og halde på personale vil ikkje dekkje trongen i framtida.

z Det er utfordringar knytte til beredskap, uthald og sivile forsyningstenester.

Forplikta av Nato

Heilt sidan Noreg slutta seg til Nato-forløparen Atlanterhavspakta i 1949 har «éin for alle, alle for éin»-tankegangen stått sentralt i utforminga av norsk forsvarspolitikk. Forsvaret er ikkje dimensjonert for å kunne forsvare landet utan hjelp utanfrå.

Historia om det norske forsvaret er derfor også i stor grad ei historie om Nato. Det norske forsvaret i dag kan sjåast på som eit resultat av historiske tilpassingar til dei trugsmåla Nato-landa til kvar tid har sett på som dei mest presserande.

Slutten på den kalde krigen endra det norske forsvaret radikalt, og sidan 1990-åra har kritiske røyster med jamne og ujamne mellomrom peikt på at nedbygginga av det territoriale forsvaret har gått for langt.

Balansepunkt

Når ein les forsvarshistoria som den pensjonerte flaggkommandøren Jacob Børresen har skrive i Store norske leksikon (SNL), vert ein påmint at det heilt frå starten av har vore ei spenning mellom kor balansepunktet skal gå for kor mykje Noreg skal satse på forsvar av norsk territorium og alliert innsats. Eit døme er at general Ruge, som var forsvarssjef i 1945, gjekk frå stillinga i protest mot at Noreg prioriterte å sende styrkar til Tyskland i staden for å prioritere nasjonal beredskap.

Endra trugsmål

Dei skiftande fiendebileta sidan den andre verdskrigen har i tur og orden endra det norske forsvaret. Den kalde krigen førte til ei kraftig opprusting. Ifølgje SNL brukte Noreg i perioden fra 1957 og til oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 3 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) og 15 prosent av statsbudsjettet på forsvar. Forsvaret av Noreg var også høgt prioritert i Nato.

Men då Berlinmuren fall og Sovjetunionen gjekk i oppløysing, smuldra også fiendebiletet opp. Det norske forsvaret vart etter 1991 sett på ein kraftig slankekur. Nato slusa ikkje lenger pengar inn i forsvaret av Noreg, og heller ikkje norske politikarar ville prioritere forsvaret like høgt som før.

Børresen skriv at nabolanda til Russland – Noreg og Polen – internt i Nato jobba for at det territoriale forsvaret ikkje måtte gløymast, men utan å verte høyrde.

Nedbygging

Nato-strategien frå 1991 la vekt på internasjonale operasjonar framfor territorialt forsvar. Dermed vart det norske forsvaret dei neste to tiåra bygd ned frå eit landsdekkjande mobiliseringsforsvar til eit profesjonelt, mobilt innsatsforsvar som kunne setjast inn i utanlandsoperasjonar.

Ein slik struktur passa betre både til trugsmåla Nato vektla på den tida, til dei oppgåvene Noreg skulle fylle i Nato og til dei norske budsjetta. For i perioden 1991 til 2000 gjekk løyvingane til forsvaret ned med rundt 1 prosent kvart år.

Frå årtusenskiftet og fram til 2016 auka løyvingane att med 1,5 prosent, men ifølgje Børresen var Forsvaret likevel i krise etter 16 år med omstilling og auka midlar. Nytt krigsmateriell kosta meir i drift enn det gamle – og meir enn Forsvaret sjølv rekna med. Den pensjonerte flaggkommandøren skildrar ei varig krise i eit forsvar som ikkje klarte å utføre dei oppgåvene det var pålagt innanfor dei vedtatte løyvingane.

Men den russiske statsleiaren Vladimir Putin skulle utover 2000-talet igjen endre fiendebiletet i Nato og auke kravet til forsvarsbudsjetta.

Pressa av Putin

Ved tryggingskonferansen i München i februar 2007 heldt Putin ein tale som av Nato-land vart oppfatta som alarmerande, provoserande og konfliktorientert. Han kritiserte Nato-utvidinga austover og sa at USA gjer verda til ein farlegare stad.

Ifølgje Børresen var det denne talen som gjorde at Nato-landa igjen fekk auga opp for trugsmål på europeisk jord. Spenningane auka med krigen i Georgia i 2008, og i 2010 likestilte Nato vekta på internasjonale operasjonar og territorialt forsvar.

Då Russland annekterte Krim i 2014, vippa vektskåla i Nato. Forsvar av territoriet i Nato-landa vart igjen viktigast. No vart det også semje i Nato om at forsvarsbudsjetta skulle opp på 2 prosent av BNP innan 2024.

Trugsmål framover

I Forsvarsanalyse 2022 vert det understreka kor avhengig Noreg er av Nato-alliansen og særleg USA. Sidan Finland, Noreg og Sverige strategisk sett er ei øy, er det berre USA som har den maritime krafta til å verkeleg stø oppunder forsvaret av dei skandinaviske landa i ein konflikt med Russland. Bindinga til USA vert forsterka av at europeiske land har ulike tryggingsinteresser. Landa i Sørvest-Europa og kring Middelhavet er til dømes meir urolege for kva som kan skje i Midtausten og Nord-Afrika.

Den sterke bindinga til USA har dei siste åra ført til uvisse for Noregs del. Sjølv om den amerikanske presidenten Joe Biden no tydeleg kommuniserer at Nato-garantien står fast, skapte forgjengaren Donald Trump ei uro for kor USA kan stå i tryggingsspørsmål i framtida. Og mykje av den amerikanske merksemda er dessutan retta mot Kina og Stillehavsregionen.

Svak forsvarsevne

Så kor står Noreg utan rask alliert hjelp? Sjølv om vi er allierte med den største militærmakta i verda, er det den norske militærkrafta som i ein tenkt krigssituasjon må handtere åtak utanfrå fram til allierte styrkar kjem på plass.

Til TV 2 har Robert Mood sagt at Noreg, ved eit klassisk scenario à la det vi ser i Ukraina, vil kunne halde fortet ein dag eller to, fordi norske militærleirar, marinebasar og flyplassar er utan vern mot missilar. Mood les også ut av den ferske forsvarsanalysen at Noreg ikkje lenger har kapasitet til å sikre, ta imot og setje inn allierte forsterkingar.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen seier til fjernsynskanalen at det ikkje berre er forsvarsevne som er viktig, men også forsvarsvilje, som kan gjere det vanskeleg for ein motstandar som vil okkupere heile eller delar av landet. Avhengig av korleis eit åtak ser ut, kan Noreg halde ut lenge, og mykje meir enn dagar, meiner han.

Samstundes vedgår han at evna til å handtere dei mest krevjande utfordringane er mindre god.

Opprusting

Fleire år har gått sidan Nato vedtok å auke forsvarsbudsjetta, og i Noreg har Forsvaret sidan 2014 auka budsjetta sine med om lag 2 prosent per år. Over heile Europa snakkar no statsleiarar med eit større alvor enn tidlegare om å ruste opp.

Berre timar etter at Russland hadde gått til åtak på Ukraina, sa statsministar Jonas Gahr Støre at vi no må tenkje gjennom korleis forsvaret vårt er innretta. For kort tid sidan løyvde regjeringa tre milliardar kroner til hastetiltak for å styrke beredskapen. Kanskje vil politikarane no lytte når forsvarssjefen ber om luftvern og fleire tilsette.

Dei neste åra vil vi også kunne debattere nye tankar om kva slags tryggingspolitikk Noreg skal føre framover. Statsforvaltar Knut Storberget leiar ein forsvarskommisjon nedsett av regjeringa for å gje råd om vegval og prioriteringar dei neste 10–20 åra. I tillegg er det nedsett ein totalberedskapskommisjon leia av tidlegare forsvarssjef Harald Sunde.

Ikkje minst skal Nato etter planen vedta eit nytt strategisk konsept under toppmøtet i Madrid i juni. Det vil også endre det norske forsvaret.