– Eit godt norsk avløysarord

Mange nye ord har prega året, men det var KI-generert som fekk førsteplass i Språkrådets nyordliste.

Eitt av spørsmåla som har vore viktige i 2023, er kva KI gjer med språket vårt.
Eitt av spørsmåla som har vore viktige i 2023, er kva KI gjer med språket vårt.
Publisert

Det er krig, klimakrise og rentehevingar. Og passande nok hamna orda polykrise, grøn kolonialisme og dyrtid på topp ti-lista til Språkrådet. Her finn me også demenskor, sensitivitetslesar, ultraprosessert, planvask og nevromangfald. Likevel var det KI-generert som vart kåra til årets nyord.

– Er det ikkje eit kjedeleg ord?

– Det er på ingen måte kjedeleg! Årets ord viser at nye teknologiar og digitalisering for alvor blei løfta inn i det allmenne ordskiftet i 2023. I tillegg har ordet interessante språklege kvalitetar, sidan førsteleddet er ei forkorting av det norskspråklege «kunstig intelligens», til erstatning for det engelskspråklege «artificial intelligence» og forkortinga AI. Me synest det er gledeleg at KI byrjar kome meir i bruk, for forkortinga høyrer til eit godt norsk avløysarord som er enklare å forstå for brukarane enn det engelske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement