Kommentar
Eit isolert Russland mot Europa
Europa går saman om å isolera Russland, militært, politisk og økonomisk. Det får fylgjer, ikkje minst for frontlinestaten Noreg.
Det var eit tidsskilje, det som hende i Vilnius i Litauen denne veka. Sverige, tradisjonelt den sterkaste staten i Norden, fekk grønt ljos for å gå inn i Nato.
Klarsignalet for det svenske Nato-medlemskapet kom ein månad etter at svenskane hadde feira 500-årsdagen for sjølvstendet i 1523. Men det var noko meir enn svensk lausriving frå Kalmarunionen som skjedde då Gustav Vasa den 6. juni det året blei vald til svensk konge: Sidan juni 1523 har dei nordiske landa anten vore i krig med kvarandre, høyrt til ulike alliansar eller hatt ulik tryggingspolitisk tilknyting. Frå og med juli 2023 vil alle dei nordiske landa, for fyrste gongen på eit halvt tusen år, ha den same tryggingspolitikken.
Barentssamarbeidet
Å peika på årsaka til at dette skjer, er ikkje vanskeleg. Etter at den kalde krigen tok slutt, prøvde dei europeiske landa å integrera Russland i den vestlege verda. Noreg var faktisk eit av dei leiande landa her.
Frå og med starten av Barentssamarbeidet i januar 1993 blei det kvart år frå norsk side løyvt store summar. Visjonen til den dåverande norske utanriksministeren, Thorvald Stoltenberg, var at meir kontakt og meir samarbeid skulle byggja bru over det djupe skiljet som gjekk langs den norsk-russiske og finsk-russiske grensa.
Endeleg punktum for dette prosjektet blei sett den 24. februar 2022, då Russland invaderte Ukraina. Barentssamarbeidet og alle andre initiativ for å bringa Russland nærmare Europa er i praksis avslutta. For alle dei som hadde lagt ned arbeidskrafta si og entusiasmen sin i å byggja opp det russisk-vestlege sambandet, inkludert forfattaren av desse linene, var det ein fortvila situasjon. Det som ein hadde trudd på og arbeidd for sidan byrjinga av Gorbatsjov-perioden, fall i grus. Store delar av det vestlege Russlands-miljøet – og også dei på russisk side som delte det same håpet – hamna i ein kollektiv depresjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.