Eit kort steg mot 2040

Når regjeringa skal sjå inn i framtida, skjer det på denne måten: Konsulentar «fasiliterer strategiske samtaler» som «bidrar til at scenarioene sammen dekker mulighetsrommet».

Ein moderat vekst i folketalet er blant dei såkalla sikre drivkreftene forfattarane av «Strategisk framsyn til stortingsmelding om innovasjon» har valt å skriva på grunnlag av. Framsynsprosessen har resultert i fire scenario om framtida frå no og til 2040.
Ein moderat vekst i folketalet er blant dei såkalla sikre drivkreftene forfattarane av «Strategisk framsyn til stortingsmelding om innovasjon» har valt å skriva på grunnlag av. Framsynsprosessen har resultert i fire scenario om framtida frå no og til 2040.
Publisert

Helmut Schmidt var ein dyktig tysk finansminister og kanslar som ikkje tolte store ord og fakter. I ei no historisk scene då Margaret Thatcher sat og ropte på ein pressekonferanse om kor fæle særleg Tyskland og Frankrike og EF var, tok Schmidt, som sat ved sida av, fram veska si og byrja å rota rundt. Til slutt fann han tobakken og pipa. Han fekk reinsa pipa, stappa henne roleg og tende på. Så blæs han store røykskyer framfor Thatcher.

Noko han særleg ikkje likte, var luftige planar og visjonar. «Har du visjonar, bør du oppsøkja lækjar», er eit av dei mest vidgjetne sitata frå Schmidt. Den 12. juni i år la det norske Kommunal- og moderniseringsdepartementet fram ei rekkje visjonar i noko dei kallar «Strategisk framsyn til stortingsmelding om innovasjon». Der presenterer dei fire scenario på grunnlag av altså «strategisk framsyn». Øvinga vert gjennomført av di «scenarioer gir ’minner om framtiden’ som kan øke endringsberedskapen›.

Visjonar

Dei har fire visjonar – eller syn – om framtida frå no og til 2040:

1. På kjende stigar: Her har skilnadene mellom folk auka litt. Tilliten er likevel høg, men det har vorte vanskeleg å innfri forventningar. Offentleg sektor fungerer om lag som no. Medan «store, internasjonale selskaper ligger foran med å tilby innbyggerne smarte tjenester på flere områder».

2. Bakpå: Her har internett skapt stor arbeidsløyse, og populismen dominerer. «Norge er ikke lenger annerledeslandet, og vi-følelsen i samfunnet er svekket». Dessutan har offentleg sektor «lav endringsevne».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement