Eit land i spagat
I fleire tiår har britiske politikarar lova å få ned innvandringa. Samtidig har Storbritannia blitt stadig meir avhengig av innvandrarar.
Den 4. august gjekk valdelege demonstrantar i Rotherham til åtak på eit hotell brukt til å hyse asylsøkarar. Dei siste vekene har det vore opptøyar og demonstrasjonar i meir enn 20 britiske byar.
Foto: Reuters / NTB
Drapet på tre småjenter i Southport 29. juli og det falske ryktet om at drapsmannen var ein muslimsk asylsøkar, utløyste eksplosjonar av gatevald meir enn 20 ulike stader i Storbritannia. Til saman var fleire tusen menneske med, og i Tamworth og Rotherham i Nord-England sette mobben fyr på to hotell der asylsøkarar var innkvarterte. Ordskiftet om dei skremmande opptøyane dei siste vekene har følgt kjende spor, både blant britane og her i landet.
Somme meiner at raseriet er forståeleg, til og med uunngåeleg, eit resultat av frustrasjon over stor innvandring, mislukka integrering og opplevinga av å bli utkonkurrert på arbeidsmarknaden. Andre meiner valden er driven fram av muslimhatarar og rasistar på ytre høgre fløy som spreier løgner og hat på nettet og skaper lynsjestemning. Noko av skulda blir òg lagt på politikarar som Nigel Farage, leiaren for det høgrepopulistiske partiet Reform UK, som har innvandringsmotstand som hovudsak.
Ein tredje variant er å sjå opptøyane som nærast apolitiske, omtrent som den britiske hooliganismen kring fotballen på 1980-talet: Valden, spenninga, kampane mot politiet og kjensla av samhald blir mål og meining i seg sjølv.
Fleire sanningar
Men desse forklaringane er ikkje gjensidig utelukkande. Det er slett ikkje gjeve at ei innvandring som den Storbritannia har opplevd, skal føre til valdelege opptøyar eller forsøk på å brenne ned asylhotell. Hatefull propaganda kan vere kraftfull og farleg effektiv.
På andre sida er det heller ikkje gjeve at det skal få slike enormt destruktive verknader at nokon spreier framandfrykt og muslimhat på nettet. Liknande idear sirkulerer i svært mange land i verda. Om det ikkje fanst grobotn for raseriet, særleg i fattige bydelar i Storbritannia, kunne neppe opptøyane fått slikt omfang.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.