Historie
Eit minne om Eugen Lewin-Dorsch
Eugen Lewin-Dorsch med born frå Vang i Hedmark.
Foto: Paul Leser Papers / Det statlege universitetet i Albany
27. januar er den årlege internasjonale holocaustdagen. Vi markerer dagen, oppretta av FN i 2005, ved å minnast Eugen Lewin-Dorsch.
Eugen Lewin-Dorsch (f. 1883) var ein profilert vitskapskritikar i avisa Vossische Zeitung i Tyskland. Då nazistane kom til makta i januar 1933, flykta han i all hast til Sveits. Der fekk han ikkje bli. Han reiste då vidare til den italienske øya Sardinia, der han freista å skaffa seg ein ny karriere som folklorist. Han studerte sardinsk landbruk, og særskilt sardinske plogar, samstundes som han arbeidde som språklærar i tysk.
Italia vart meir og meir utrygt for utanlandske jødar. Lewin-Dorsch tok difor i desperasjon kontakt med ein kontakt i Noreg, professor i teologi Sigmund Mowinckel (1884–1965), i eit forsøk på å komme bort frå Italia. Mowinckel argumenterte med norske styresmakter og garanterte økonomisk for Lewin-Dorsch. Då verdskrigen braut ut i september 1939, var Lewin-Dorsch endeleg på veg til Noreg i ei frakteskute frå Napoli.
Då Tyskland invaderte Noreg i april 1940, flykta han ut av Oslo til vener av Mowinckel i Vang i Hedmark. Eit fotografi syner han saman med norske born på Vestås skule sommaren 1940. Seinare flytta han inn på ein hybel hos den jødiske enka Eva Salit på Sinsen i Oslo.
Ein nabo angav han til Gestapo, og han vart arrestert i mai 1941 etter at hybelen var saumfaren. Gestapo fann mellom anna antinazistiske dikt og rapporterte han til Berlin som ein farleg jøde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.