Eit mystisk fall i Barentshavet
Det er neppe dei vanlege mistenkte som står bak nedgangen til torsken i nord.
Kva er grunnen til at den nordaustarktiske torskestammen på berre eit tiår gjekk frå å vere rekordstor til å vere faretrugande liten? Havforskingsinstituttet (HI) er bra sikre på at det ikkje er overfiske som er hovudårsaka, sjølv om fiskepresset har vore høgare enn det burde vore dei siste åra. Det ser heller ikkje ut til at klimaendringar ligg bak: Dei høge temperaturane i Barentshavet frå tidleg på 2000-talet såg ut til å vere berre ein fordel for torsken, mellom anna fordi beiteområda vart større når isen trekte seg attende.
Det store problemet ligg derimot i rekrutteringa, fortel forskar Bjarte Bogstad ved HI. Sjølv om gytebestanden var stor i 2018, 2019 og 2020, voks skuffande lite av yngelen opp i desse åra. Desse årsklassane skulle no ha utgjort ein stadig større del av torskefangstane, men dei er altså for lite talrike til å bidra særleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.