Kommentar
Eit øksehogg i magen
Ei øks høgg meg i magen når eg ser kuftekledde demonstrantar verte frakta vekk av store, svartkledde kråker. Eller er det politimenn?
Natur og Ungdom og NSR Nuorat okkuperer inngangane til fleire departement i Oslo. Dei, og mange med dei, krev at menneskerettsbrotet på Fovsen-Njaarke Sijte, Fosen reinbeitedistrikt, opphøyrer ved at turbinane vert tekne ned og området tilbakeført for å verne den samiske kulturen og naturbruken.
Sist eg såg samiske demonstrantar verte fjerna av politifolk, var bileta i svartkvitt.
Eit ekko pressar seg fram, elva skal leve, fjella skal leve, eller er det lyden frå spelefilmen eg høyrer? Livet og kunsten går i eitt som for 45 år sidan, og eg ser Ella Marie Hætta Isaksen og Beaska Niillas på nyhendesendingane, slik eg såg dei på kinoduken for nokre veker sidan, men no er det ikkje skodespel. Samekuftene er vrengde, eit sterkt uttrykk for protest som eg aldri har sett i slikt omfang som no. Eg kan knapt sove, for hjartet mitt er i hovudstaden, medan kroppen er i Sápmi.
Samekultur
Ein høgsterettsdom, og kva så? No står vindturbinane der. Noreg bryt menneskerettane kvar dag, time og minutt. Kvifor skal du som lesar bry deg, du er kan hende ikkje så oppteken av samar, og kva inneheld eigentleg samekulturen?
Ja, kva er ein same om ho ikkje er reineigar? Er han same om han ikkje flytter frå sommar- til vinterbeite og attende om eit halvår? Det fleste i Noreg kjenner ikkje éin einaste same personleg, og difor er det sjablongbileta som trer klårast fram, men vi er så mykje meir.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.