Kommentar

Eit russisk-amerikansk luftslott

Donald Trump ser ut til å tru at han kan byggja ein allianse med Russland mot Kina. Han gjer opp rekning utan vert.

BROMANCE: Krus med aktualisert motiv på utstilling i ein suvenirbutikk i St. Petersburg i Russland 13. februar. Putin rir bjørnen, Trump løva, saman inn i soldnedgangen.
Publisert

I fleire veker no har Vladimir Putin halt ut forhandlingane om Ukraina. Gong på gong har han kome med krav som umogleg kan føra fram. Reaksjonane frå Donald Trump har vore lik null. Det Trump har vore oppteken av, ved sida av å øydeleggja verdshandelen, har vore å halda fram med presset mot Ukraina.

Kva Donald Trump tenkjer inst inne, er det knapt nokon som veit. Men heilt sidan i fjor haust er det blitt spekulert over at det han eigentleg vil, er å ta ein såkalla omvend Kissinger. I staden for å laga ein de facto-allianse med Kina mot Russland, som Kissinger gjorde på byrjinga av 1970-talet, vil Trump alliera seg med Russland mot Kina. Slik vil Trump svekkja det landet han ser som den største strategiske fienden til USA.

Då blir sjølvsagt Ukraina meir å likna med ei pølse i slaktetida: Ein ofrar gladeleg interessene til 45 millionar ukrainarar – og 500 millionar europearar – om ein kan ta strupetak på 1,4 milliardar kinesarar.

Framtida i Vesten

Mykje kan seiast om kynismen i dette reknestykket. Men om det skal omsetjast frå luftige visjonar til verkeleg røyndom, må éin føresetnad vera til stades: Det må vera mogleg for eit vestleg, kapitalistisk og – fram til i dag – demokratisk land å byggja ein allianse med Putins Russland. Eller sagt på ein annan måte: Det må vera mogleg å «kjøpa» Putin. Trump må ha så mykje å by Putin at han vil finna det interessant å byta partnar.

Det er her Donald Trump kan vera i ferd med å gjera opp rekning utan vert. Trump vil truleg lokka Putin med alle dei forretningsprosjekta dei kan få til saman, berre ein slår russiske ressursar i hop med amerikansk kapital og teknologi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement