Intervju
– Eit sivilisatorisk tilbakefall
Er Jürgen Habermas’ haldning til Ukraina-konflikten prega av «naiv pasifisme», som kritikarane hevdar? Nei, seier Habermas-biografen Philipp Felsch.
Den vesttyske nasjonalpasifismen, her manifestert 1. mai i Berlin under banneret «krig mot krig» og verna av ein opprørspolititropp, er ikkje noko for Habermas.
Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTB
I eit skakande nøkkelavsnitt i den nyleg utkomne boka Der Philosoph fortel Philipp Felsch, idéhistorikar og Habermas-biograf busett i Berlin, om korleis Jürgen Habermas tilstår for han at han under diskusjonane om Ukraina-krigen for første gong ikkje forstår den tyske allmenta. Han merkar ei krigsbegeistring som undrar han. På same måte er skepsisen overfor den nye tyske krigsviljen framleis stor, særleg blant dei eldre generasjonane, på tvers av partigrensene.
Kanslar Olaf Scholz og sosialdemokratane, som fekk hard medfart i valet til Europaparlamentet, strevar med å stake ut kursen. Men dette har ingenting å gjere med ein naiv pasifisme som Habermas visstnok skal ha lært landet, seier Felsch. Habermas’ åndelege arv, som vi nett no tek avskil med, har langt større tyngd.
– Kva for ei allmente er det Habermas meiner at han ikkje lenger forstår? Sterk motstand har han jo møtt heile livet?
– I den første artikkelen i Süddeutsche Zeitung oppmoda han til varsemd. Han ville gi moralsk støtte til Scholz. For dette blei han sterkt kritisert, frå heile spekteret av meiningar. For Habermas viste diskusjonen ei krigslyst som han trudde høyrde til historia i Tyskland. Faktisk var det jo noko nytt, den utbreidde kjensla av at vi i og med Putins Russland igjen stod overfor ein ekte fiende. Og for Habermas var det synonymt med eit sivilisatorisk tilbakesteg.
– Men dette var jo ikkje ei fri avgjerd. Putin gjer sitt beste for å bli sett på som ein fiende. Og han ser vel også på oss som fiendar. Kvifor er det så vanskeleg for Habermas å forstå det?
– Ganske enkelt fordi fiendskap som grunnleggjande politisk kategori ikkje finst i tenkinga til Habermas. Det er for han ein kategori som er knytt til Carl Schmitt, yndlingsmotstandaren hans. At eit omgrep som fiendskap plutseleg styrer den offentlege diskusjonen og kursen til tysk politikk, kan for og med Habermas berre tolkast som eit tilbakefall.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.