Eit stadig dyrare kraftnett

Same kor dyrt Statnett driv, og same kor mykje dei investerer: Overskota går stadig opp. Rekninga betaler forbrukarane.

Vi vonar at Statnett driv bra, men vi kan aldri vera sikre, sidan Statnett er eit monopol.
Vi vonar at Statnett driv bra, men vi kan aldri vera sikre, sidan Statnett er eit monopol.
Publisert Sist oppdatert

Med ei omskriving av Holberg: Alle klagar over nettleiga, men ingen gjer noko med henne. Denne artikkelen skal vera om Statnett og moglege grunnar til at selskapet krev inn så mykje i nettleige, men for at lesarane ikkje skal verta skuffa: Artikkelen kjem ikkje til munna ut i ein klår konklusjon om kva som må gjerast. Det er ikkje lett å regulera monopol.

Fyrst litt teori: Problemet som vert skildra her, kjem inn under det samfunnsøkonomiske teoriomgrepet public utility, som vi kanskje burde omsetja med «offentleg nytte», men som vi på norsk har enda med å kalla «naturlege monopol». Men det er ikkje noko «naturleg» ved slike monopol, og dessutan må heller ikkje slik offentleg nytte vera organisert som monopol. Men litt enkelt sagt er naturlege monopol ei teneste som vi alle eller i det minste svært mange av oss er avhengige av, og som potensielt kan gje uvanleg høg forteneste, superprofitt, men òg føra til sløsing og overinvesteringar.

Jarnbanebaronar

Teorien omkring naturlege monopol oppstod i USA. Vi kjenner alle til korleis jarnhesten breidde seg over prærien frå austkysten til vestkysten. Ei mengd ulike aktørar, dei såkalla jarnbanebaronane, konkurrerte seg imellom om å byggja mest og lengst og fyrst. Det i sin tur førte til ei omfemnande konkursbylgje, som til slutt leidde til at nokre aktørar stod att med monopol på strekningar, og det sjølv om ein by ei tid kunne hatt fleire ulike jarnbanespor inn til byen.

Enden på visa vart at det var null samanheng att mellom kostnader og investeringar og drift og billettprisar. Der hest og kjerre og naturleg kvegdrift kunne gjera fraktarbeidet billigare enn jarnbane, vart prisen sett lågt. Byar som derimot hadde utvikla eit sofistikert og avansert næringsliv med produkt det var høg etterspurnad etter, og som ikkje eigna seg til hestetransport, måtte leva med særs dyre billettar over korte strekningar. Det igjen innebar at dei som ville kjøpa desse populære varene, ikkje opplevde at dei vart billigare, sjølv om produkta vart laga stadig meir effektivt og til ein stadig lægre pris. Jarnbanebaronane som hadde fraktmonopolet, stakk av med heile profitten av produktivitetsveksten.

Samfunnsøkonomar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement