Eit tidsskilje i EUs asyl- og migrasjonspolitikk

Asylhandsaminga kan verte flytta til land utanfor EU, og dei som får avslag på asyl i EU, kan verte sende til retursenter i tredjeland. Det er resultatet om tiltaka EU no vurderer, vert ein realitet.

Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.
Førre veke vart 16 migrantar som den italienske kystvakta hadde plukka opp i Middelhavet på veg mot Italia, skipa til mottakssenter i Albania for asylhandsaming. Kort tid etterpå vart dei sende tilbake til Italia.

Frå lufta kan det ved fyrste augnekast minne om ein idrettsarena som mellombels er rigga for ein festival. Men nyskapinga i hamna i den albanske byen Shëngjin, seks mil nord for hovudstaden Tirana, er verken bygd for fri konkurranse eller for feiringar.

Det er eit italiensk mottakssenter, bygd for å hindre asylsøkjarar som har prøvd å ta seg til Italia over Middelhavet, frå å setje føtene på EU-jord før dei eventuelt får innvilga asyl, og for å syte for at dei som ikkje får innvilga asyl, vert returnerte til heimlandet raskast mogleg.

At det kjem til å gå sport i byggverket, er likevel mogleg. Eit lite år etter at Albania og Italia avtalte bygginga av mottakssenteret, har fleire andre europeiske leiarar teke til orde for liknande modellar.

Ministrar frå EU-landa i aust og frå Austerrike, Tsjekkia, Danmark, Nederland, Italia, Kypros og Malta har bede EU-kommisjonen kome opp med alternativ som byggjer på avtalen mellom Albania og Italia. Ja, sjølv den nye britiske statsministeren Keir Starmer, som har vraka planane forgjengaren hadde om å sende båtmigrantar til Rwanda, har annonsert at han kan vere interessert i ein avtale om å flytte ut asylhandsaming, som den Albania og Italia har kome til.

I tillegg er det no nær konkurranse i EU om å stramme inn og finne nye verkemiddel i asylpolitikken, for å hindre fleire migrantar frå å kome til Europa. Tyskland og Frankrike har skjerpa grensekontrollen, 17 europeiske land har kravd at EU lagar eit eige regelverk for å sikre at dei som har fått avslag på asyl i EU, vert sende raskt tilbake til heimlandet, og både Finland og Polen har sett høvet til å søkje asyl på pause, etter stor tilstrøyming av asylsøkjarar via Russland og Belarus.

Og alt dette har skjedd berre månader etter at EU-landa vedtok eit nytt og langt strengare asyl- og migrasjonsregelverk, omtala som EUs asyl- og migrasjonspakt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement