Historie
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Det er oppstandar ved amerikanske universitet att – ved Columbia, Yale, Harvard, Georgetown, Berkeley og andre campusar. Columbia suspenderer studentar som tek del i demonstrasjonane, og det er usikkert om universitetet kan halda avslutningsseremonien i år. 30. april vart Hamilton Hall på Columbia-universitetet i New York reinska for demonstrantar, og politiet sette vakt ved inngangane.
I denne ikoniske bygningen frå 1907 ligg kontora til administrasjonen ved Columbia, og her går det historiske liner attende til demonstrasjonane på sekstitalet. Bygningen vart okkupert av demonstrantane i 1968. Studentane protesterte mot at Columbia deltok i amerikansk våpenindustri, og mot at universitetet skulle byggja ein ny idrettshall i Harlem, bydelen der Columbia ligg. Svarte aktivistar døypte om Hamilton Hall til «Malcolm X Liberation College» under denne aksjonen.
Protestane i 1968 var knytte til dei to store sakene som dreiv studentaktivismen den gongen: motstand mot USAs krigføring i Vietnam og frigjeringskamp for dei svarte. Den planlagde idrettshallen vart sett på som nok eit overgrep mot afroamerikanarane. Planane vart til sist lagde bort.
Protestliner
For ein som såg demonstrasjonane mot Vietnam-krigen på nært hald ved Yale-universitetet for eit halvt hundreår sidan, kjennest nyhenda frå campusane no som eit gjensyn. Eg spør meg: Er det parallellar mellom protestane no og den gongen? Er det attkjennelege mønster frå det som skjedde i seksti- og syttåra?
Ein ting kan vi slå fast med ein gong: Desse demonstrasjonane set igjen på prøve balansen mellom to prinsipp, retten til fri ytring og omsynet til ro og orden. Frå vener ved Yale-universitetet får eg høyra at mange no meiner administrasjonen der tok for hardt i då dei kalla inn politiet for nokre dagar sidan. Vi veit frå før at det spissar til situasjonen når store politistyrkar rykkjer inn på campus, og om administrasjonen får panikk, kan ting eskalere. Rektor ved Columbia har bede politiet om å bli verande på universitetsområdet i fjorten dagar til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.