Klima
Ekstremvêr med
ukjend rekning
Flaum og skred skjer stadig oftare. Ingen har tal på kor store kostnader uvêr kan påføre samfunnet i åra som kjem.
Ekstremvêret «Hans» førte ikkje berre til flaum i Hallingdal, men òg til jordskred. Her går turistar frå Litauen gjennom eit skredområde i Ål kommune, 9. august 2023.
Frederik Ringnes/NTB
Sommar, ferie – og styrtregn. I august 2023 var eg på veg med buss ned gjennom Hallingdal. Eg hadde vore på Nesbyen fleire gonger den sommaren. Då var det finvêr på staden som har den norske varmerekorden. Men denne gongen var Nesbyen prega av eit anna rekordvêr. Ei veke før hadde styrtregnet «Hans» råka bygda. Hallingdalselva gjekk over breiddene sine, fleire hundre menneske måtte evakuerast, og vatnet reiv med seg eller raserte mykje av det som stod i vegen.
Eit par veker etter flaumen låg framleis busskuret som vi eigentleg skulle parkert ved, velta. Restar av campingvogner og telt låg strødde eit godt stykke frå elva, og gjennom heile dalføret såg vi restar av rundballeplast. Dei hang att i trea rundt elveleiet og blafra i skumringa som kvite spøkjelse.
Fagert er landet, tenkte eg. Men det er mykje sørpe, slam og søle her òg.
Og verre skal det bli.
Varmt og vått
Uvêret som ramma Austlandet sommaren 2023, var ei enkeltståande hending. Men ho er ei av fleire dei siste åra. Av dei ti største naturhendingane sidan 1980 har sju skjedd sidan 2010.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.