Sideblikk

Elbilar er ikkje lenger til å unngå

Når bilismens individuelle fridom kolliderer med byens grenser, er det eit kollektivt tap.

Spaltisten (3 1/2) poserer på farens turvogn, som blei kalla «Gondabossen» etter mor til skodespelaren Anne Gullestad.
Spaltisten (3 1/2) poserer på farens turvogn, som blei kalla «Gondabossen» etter mor til skodespelaren Anne Gullestad.
Publisert

Dette er ei vedkjenning. Hjelpeskrivarane meiner eg skuldar lesarane eit framhald etter at eg like over påske skreiv oppglødd om kor enkelt det var å bli kvitt den gamle bilen som braut saman (register­reima rauk og motoren skar seg). Alt fall på plass på ti dagar i det gjennomdigitaliserte systemet. Det gjekk smakk-smakk mellom interesse- og medlemsorganisasjonen NAF, diverse private aktørar i bilbransjen, forsikringsselskap, Statens vegvesen og Skatteetaten, avrunda med vrakpant frå Statens innkrevjingssentral.

DET VAR VANSKELEGARE å skaffa ny bil, for det var så mykje å ta stilling til i familierådet, og kyndige konsulentar hadde mange ord med i laget. Trong me eigen bil når me er omgitt av trikk og buss på alle kantar, når det blir stadig færre parkeringsplassar og strengare restriksjonar der me bur innanfor Ring 2? Kunne me ikkje heller melda oss inn i eit bilkollektiv og leiga dei få gongene me treng bil? Men korleis skulle me då koma oss på hytta?

Spørsmåla rann på: Ny eller brukt? Fossil, hybrid eller elektrisk? Og ville det vera plass i den smale garasjen? Eg hadde til slutt berre eitt vilkår: ikkje Tesla, av symbolske, personlege og bilbiografiske grunnar.

EG ER IKKJE FØDD I BIL, men er oppvaksen og sosialisert i bil. Far min dreiv med lastebilar og turvogn, men eg sat oftare på med Mandius, ein av leigesjåførane. Eg fekk sitta på fanget og halda i rattet lenge før eg rakk ned til pedalane. Seinare fekk eg erfaring som hjelpegut når me henta varer til butikkane frå jernbanestasjonen, og når mi oppgåve var å retta opp gjødsel- og kraftfôrsekkar som skulle berast på rygg inn i fjøs og uthus.

Eg er stolt over førarkortet mitt, for det er utskrive den dagen eg fylte 18. Køyra bil hadde eg gjort i mange år, med lastebilar, VW-buss og onkel sin Opel Rekord 1957-modell, som var bruktimportert frå Tyskland. Eg hadde sommarjobbar som sjåfør på veg- og kraftanlegg.

DEN FØRSTE BILEN MIN var ein eldre og raud Volvo PV med tre gir og delt frontrute. Å ha eigen bil gav fridom, men det var ikkje berre å køyra; det handla like mykje om å mekka. Skiftenøkkel, skrutrekkar, hesjetråd og gaffateip var i flittig bruk, for eksospotta hang støtt og slong, det var rust her og der, forgassaren var vrang og bremsene hadde det med å låsa seg. Men det var ikkje verre enn at eg kunne koma meg til bygdesenteret og brenna gummi og laga svingstriper i asfalten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement