Sideblikk
Elon Musk som universets herre
Teslas veg frå heilagt ikon for ei sekt til ei ordinær folkekyrkje med fagrørsla på nakken.
Gründer Elon Musk (t.h.) saman med rikskanslar Olaf Scholtz og Deitmar Woidke, ministerpresident i Brandenburg, då Tesla- fabrikken i Berlin opna 22. mars i fjor.
Foto: Patrick Pleul / AP / NTB
Vertinna har vore så heldig å bli plukka tilfeldig ut blant alle e-postadresser i Europa og USA. Ho blir beden om å ta e-brevet svært alvorleg, for det kjem frå «Elon Musk and team SpaceX’s founder, CEO and chief engineer; early-stage investor, CEO and product architect of Tesla, Inc. Founder of The Boring Company, and co-founder of Neuralink and OpenAI. With an estimated net worth of around $245 billion».
Ho blir gratulert med å ha blitt tildelt 18.087,71 Tesla-aksjar som svarer til 4.124.270.00 USD og $258.0 per aksje. Vilkåret er at ho gjer kravet gjeldande og sender kontonummer til oppgitt e-postadresse før jul.
VERTINNA ER INGEN kløppar på nettet, og der ho kjem bort i mykje merkeleg. Men ho har vore ute blant røvarar frå Nigeria ei vinternatt før, så ho veit at når eit tilbod er for godt til å vera sant, så skal ein seia nei. Det var jo også prov på falsum at Elon Musk brukte e-post og ikkje sitt eige X (tidlegare Twitter).
Spaltisten vil legga til at det er eit alvorleg trugsmål for open og global samtale og meiningsdanning når innhaldet i ein så viktig kommunikasjonskanal som X ikkje er ansvarleg redaktørmoderert, men styrt av pengar, prateboksar og eigarens impulsar og påfunn.
Der kunne dette ha stoppa, men det gav opphav til ein lang runde med Hjelpeskrivarane om det digitale risikosamfunnet og alt det denne Musk finn opp og finn på for å bli Master of the Universe, både i verdsrommet, i hovudet vårt og i trafikken.
DEI SOM EIG OG KØYRER bil, blir assosierte med bilmerke etter økonomiske og sosiokulturelle distinksjonar. Folkevognvitsar florerte, gammal Amazon med eller utan revehale, store amerikanarar, skapkommunistar med austeuropeiske totaktarar, grå Toyota, Citroën med franske finessar. Mercedes smakte soliditet og mogne pengar, men i jappetida fekk modellen Geländewagen stempelet «børstraktor», for han var registrert som buss og kunne derfor bruka kollektivfeltet mellom Bærum og Børsen. BMW fall i status då kabriloleten blei ein bil for gjengleiarar og fekk utnamnet «pakkisfønar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.