Politikk

«Embetsverkets omkamp»

Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt.
Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt.
Publisert

Professor emeritus ved Universitetet i Bergen Jan Fridthjof Bernt reagerer kvast på Finansdepartementets handtering av denne saka. Bernt er svært nøgd med fråsegna frå Sivilombodet.

– Ombodet set skapet på plass og korrigerer den lovstridige praksisen som har utvikla seg i departementa, seier Bernt til Dag og Tid.

Han går også sterkt imot framlegget som Justisdepartementet sende ut før påske for å stramme inn innsynsretten i offentleglova, eit framlegg som nettopp tek sikte på å gjere lovleg det Finansdepartementet her har gjort. Han meiner det nå er brei mobilisering i embetsverket for å slå tilbake offensiven frå Sivilombodet på grunnlag av innsynskrava til Dag og Tid.

– Dette er openbert ein reaksjon på at Sivilombodet, som svar på klagen frå Dag og Tid, nok ein gong påpeikar klare brot i forståinga av og etterlevinga av reglane om innsynsrett i offentleglova som departementa driv med. Igjen ser vi at restar av den gamle embetsmannskulturen sit tjukt i veggane i Justisdepartementet. Det er trist om eit fagmiljø av flinke juristar lèt seg misbruke til å nytte den faglege kompetansen sin til å skjere tilbake og undergrave verknadene av lovgjevarens klare val – i lov og grunnlov – av innsynsrett som grunnprinsipp for norsk forvaltning, seier Bernt.

– Det er nærliggande å sjå forslaget til endring av reglane om journalføring og omtale av interne dokument som embetsverkets omkamp mot sentrale verdimessige premissar for reglane i offentleglova. I ein situasjon der vi ser stadig fleire døme på sviktande tillit til embetsverk og politisk leiing, treng vi meir og ikkje mindre innsyn i forvaltningsmessige og politiske prosessar, seier Bernt.

– Denne øvinga frå Justisdepartementet si side illustrerer at det er eit sterkt behov for at regjeringa nå set i gang ei ny fagleg uavhengig utgreiing av offentleglova som avspeglar ei heilskapleg evaluering av lova, i tråd med det som vart førespegla då lova vart vedteken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement