Endå ein armensk tragedie
Med den aserbajdsjanske erobringa går 2000 år med armensk historie i Nagorno-Karabakh mot slutten.
At noko var alvorleg gale i Sovjetunionen, oppdaga eg sommaren 1988: Til stades på ein av dei mange pressekonferansane til sovjetisk UD var det journalistar frå sovjetrepublikkane Armenia og Aserbajdsjan. Når armenarane snakka, blei aserbajdsjanarane rasande. Og vice versa.
Dei to etniske gruppene hata kvarandre, kort og godt. I årevis hadde den sovjetiske propagandaen fortalt verda at det såkalla nasjonale spørsmålet var løyst i Sovjetunionen. Alle folka elska kvarandre, og saman var dei i gang med å byggja sosialismen. Til og med i Vesten var det mange som trudde på dette glansbiletet. I røynda var Sovjetunionen ein trykkokar der ulike etniske grupper kjempa mot kvarandre. Kommunistpartiet og KGB var lokket som sørgde for at kjelen ikkje eksploderte.
Uforsonleg konflikt
Den mest uforsonlege av desse konfliktane var den mellom armenarar og aserbajdsjanarar. Gjennom dei to–tre siste tiåra det tyrkiske osmanske riket eksisterte, var store delar av armenarane som budde der, blitt utrydda. Verst var folkemordet under og rett etter den fyrste verdskrigen, men også kring 1900 var kristne armenarar blitt massakrerte i Tyrkia. Med naud og neppe redda ein liten del av den armenske nasjonen seg unna på sovjetisk territorium etter at bolsjevikstaten vart oppretta. Grannerepublikken var Aserbajdsjan, ein del av Sovjetunionen der folket språkleg og etnisk var i nær slekt med tyrkarane.
Stalins kart
Det var Stalin som teikna kartet over Sovjetunionen på byrjinga av 1920-åra. Som georgiar kjende han godt til spenningane mellom armenarar og aserbajdsjanarar. Han sytte for at Nagorno-Karabakh, eit område med kristen, armensk befolkning, blei liggjande inni det muslimske Aserbajdsjan. Dette kunne ikkje gå bra, og då Sovjetunionen tok til å gå opp i liminga på slutten av 1980-åra, gjekk dei to folka fysisk laus på kvarandre. Verst var massakrane på armenarar i byen Sumgait i Aserbajdsjan i februar 1988 der fleire hundre armenarar vart drepne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.