Endeleg fekk oljefondsjefen skikkeleg merksemd for ein av podkastane sine.
Kanskje har Nicolai Tangen, øvste sjef for Statens pensjonsfond utland – best kjent som Oljefondet – kome i skade for å krysse ei grense eller to.
Oljefondsjef Nicolai Tangen nøyer seg ikkje med å forvalte 17 billionar kroner, han vil lage podkast med toppsjefar òg.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Kor mykje kan ein tenestemann i Noregs Bank smiske for internasjonale næringslivstoppar før det blir eit problem? Og kor ekstreme figurar bør sjefen for verdas største statlege investeringsfond gjere seg til vens med offentleg?
Kanskje har Nicolai Tangen, øvste sjef for Statens pensjonsfond utland – best kjent som Oljefondet – kome i skade for å krysse ei grense eller to. 8. april intervjua han den mildt sagt kontroversielle Tesla-sjefen og X-eigaren Elon Musk i podkastserien sin «In Good Company», utan å kome med eit kritisk spørsmål. I tillegg har Tangen invitert verdas for tida fjerde rikaste mann som trekkplaster på investeringskonferansen til Oljefondet neste år, og har personleg lova å lage «Europas kulaste middag» for heidersgjesten. (Tangen og Ferrari-sjef Benedetto Vigna skal visstnok servere reinsdyr til Musk saman.)
Logring
Kari Elisabeth Kaski, finanspolitikar i SV, vart ikkje imponert. «Musk har problematiske holdninger, bidrar til et dårlig ordskifte i verden og tilrettelegger også aktivt for ytterliggående høyreekstreme stemmer på internett», sa ho til Dagens Næringsliv sist veke. Kaski var ikkje åleine om å vere kritisk til den hjartelege tonen Tangen nyttar overfor Musk. «Det vitner om en slett forståelse for samfunnet han er satt til å forvalte pengene for. Vi ber ham slutte å logre for fagforeningsknusere», sa Frode Alfheim, leiar i det nye LO-forbundet IE & FLT til E24.
Med dette sikta Alfheim til konflikten mellom Tesla og svenske fagforeiningar. Dei tilsette ved Tesla-verkstader i Sverige krev tariffavtale og rett til å organisere seg, noko selskapet nektar dei. Elon Musk har sjølv markert seg som ein svært fagforeiningsfiendtleg mann, og verda over blir dei tilsette i Tesla-bedrifter nekta å organisere seg. Men dette er langt frå den einaste grunnen til at mange reagerer på Tangens koseprat med Musk.
Dei mørke sidene til Tesla-sjefen skal vi kome attende til. Men kva er eigentleg denne podkasten for noko?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.