Kommentar

Er det for mange utlendingar i norsk akademia?

Akademikarar i Noreg har ei særleg plikt til å kjenna og formidla kunnskap om Noreg.

Ronny Spaans skreiv i Dag og Tid 24. september at mellom 70 og 80 prosent av nytilsette ved Det humanistiske fakultet (HF) i Oslo er utlendingar.
Ronny Spaans skreiv i Dag og Tid 24. september at mellom 70 og 80 prosent av nytilsette ved Det humanistiske fakultet (HF) i Oslo er utlendingar.
Publisert

Juristen Cecilie Hellestveit har verkeleg sett fyr på debatten etter at ho sa til Khrono at ein kan problematisera at fleire og fleire akademiske stillingar går til utanlandske forskarar. Ho sa dette i ein diskusjon om rolla norske akademikarar har i den offentlege debatten.

Og dersom ein vil Hellestveit til livs, er det ikkje spesielt vanskeleg å bruka denne utsegna mot henne. Er ho mot internasjonalisering, eller – endå verre – likar ho ikkje utlendingar? Alle som kjenner det minste til Hellestveit, veit at det er feil: Ho arbeider stort sett internasjonalt, og i lag med kollegaer frå andre land. Likevel må noko slikt ha streifa rektor Curt Rice, som straks rykte ut og hevda at norske media hadde plikt til å nekta Hellestveit å koma til orde.

No har Rice angra på dette, men for folk som er opptekne av ytringsfridom, vil det nok ta ei tid før ein greier å gløyma at ein universitetsrektor tok til orde for scenenekt og sensur.

Internasjonalisering

Debatten om Hellestveit går vidare, og temperaturen er tidvis høg. Naturlegvis likar forskarar av utanlandsk opphav dårleg å høyra at dei er blitt for mange. Somme problematiserer også heile ideen om at akademikarar har eit særleg ansvar for å delta i samfunnsdebatten, som var Hellestveit sitt utgangspunkt. Og naturlegvis må ein avgrensa seg frå rein framandfrykt.

Men i akademia har internasjonalisering og ikkje minst internasjonal publisering vore heva over debatt dei siste åra. Dette er udiskutable verdiar, noko ingen torer å motseia. Det er eit tabu ein gjerne må fjerna. Dersom det er slik at dei mest kunnskapsrike og skarpsindige skribentane heilt sluttar å skriva norsk og i norske medium, må det vera lov å spørja om kor bra det er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement