Er sosiale medium den nye nikotinen?
Over 40 amerikanske delstatar skuldar teknologigiganten Meta for å gjere barn og unge avhengige av sosiale medium. Instagram vert samanlikna med nikotin.
Vanedannande bruk av Instagram skader den psykiske helsa til barn og unge, hevdar riksadvokatane i over 40 amerikanske statar.
Junge, Mia Oshiro
Den 24. oktober kom nyhendet om at 41 amerikanske delstatar, pluss hovudstaden Washington DC, saksøkjer det multinasjonale teknologiselskapet Meta og dotterselskapet Instagram for å skade barn og unge.
Meta, som mellom anna er morselskap for sosiale medium som Facebook, Instagram og WhatsApp, blir skulda for medvite å utstyre medieplattformene sine med vanedannande funksjonar, for å gjere barn og unge avhengige. Målet skal vere enkelt: å maksimere eigen profitt.
Til kamp
Styresmaktene i fleire amerikanske delstatar har lenge vore kritiske til produkta frå Meta. For om lag to år sidan sette regjeringsadvokaten (Attorney General) i California, Rob Bonta, i gang ei riksdekkjande etterforsking for å finne ut om medium som Instagram kunne skade brukarane fysisk og psykisk.
Då dei omfattande søksmåla vart lagde fram i oktober, sa regjeringsadvokaten at etterforskinga konkluderte med at Meta skader barn og tenåringar og fremjar avhengnad for å auke innteninga. I ei pressemelding slo Bonta fast at Meta må stå til ansvar.
«Med desse søksmåla dreg vi ei grense. Vi må verne barna våre, og vi vil ikkje vike i denne kampen», skreiv regjeringsadvokaten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.