– Erdogan-regimet vert sterkare no
At Erdogan ikkje fekk reint fleirtal alt i fyrste valomgang, kom av framgangen til ultranasjonalistane i ATA. Vonbrotne opposisjonelle reknar no med at presidenten vil auka makta si dei neste fem åra.
Papirvimplar for den ultranasjonalistiske ATA-alliansen på metroen i Istanbul. At tre millionar tyrkarar røysta på ATA, sytte for at korkje Erdogan eller Kilicdaroglu fekk reint fleirtal.
Alle foto: Håvard Rem
På metrostasjonen i Istanbul såg eg ein dag nokre små papirvimplar som var festa litt amatørmessig til murveggen, heilt annleis enn dei store og profesjonelle storformatreklamane til Erdogan og Kilicdaroglu. På dei raude vimplane var det ei teikning av ein innbiten landsfader Atatürk (1881–1938) mellom to tyrkiske flagg, og bokstavane ATA.
Minikoalisjonen ATA gjorde eit betre val enn venta og sytte for at ingen av dei to storkandidatane sundag fekk reint fleirtal. Dimed vert det ein andre valomgang om ei dryg veke, då utan ATA. Men kvar ATA-veljarane då tek vegen, vil avgjera eit presidentval som leiande internasjonale aviser har kalla «det viktigaste valet i verda i 2023». Difor spør eg dei tyrkiske kontaktane mine: Går ATA-veljarane no til AKP eller CHP, til president Erdogan eller opposisjonsleiar Kilicdaroglu?
Fleirtalsval
I tidlegare homogene samfunn som dei nordiske har ein kunna styra gjennom mindretalsparlamentarisme. Slik er det ikkje i store land med ein meir samansett folkesetnad. I Frankrike, USA og Tyrkia held vala fram til ein av kandidatane har fått fleirtal. Det demokratiske mandatet inneber fleirtalsmakt. Om berre to kandidatar stillar til val, er det greitt, for då får éin av dei eit reint fleirtal i fyrste valomgang. Men stiller fleire kandidatar, og ingen av dei får reint fleirtal, går dei to fremste vidare til ein andre valomgang.
I franske presidentval er det gjerne regelen, men i Tyrkia sundag gjekk valet vidare til andre omgang for fyrste gong.
På røystesetelen var det fire namn og andlet: president Erdogan (AKP), opposisjonsleiar Kilicdaroglu (CHP), Sinan Ogan (ATA) og Muharrem Ince (eks-CHP). Tre dagar før valet trekte Ince seg, for ikkje å stela røyster frå Kilicdaroglu.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.