Ernæringsråd med bismak
Nye ernæringsråd skal inkludere vurderingar av berekraft. Men vurderingane er lite vitskaplege og vektlegg berre dei negative sidene ved matproduksjonen, ikkje dei positive, meiner Nibio-forskarar.
Vi treng drøvtyggjarar for å få omsett grasareal til mat vi er i stand til å nytte oss av, seier Nibio-forskar Audun Korsæth. Biletet viser sau som beitar på Skeikampen i Gausdal.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Et grove kornprodukt kvar dag, fisk til middag to til tre gonger i veka, minst fem porsjonar grønnsaker, frukt og bær kvar dag, vel magert kjøt og magre kjøtprodukt, og avgrens mengda bearbeidd kjøt og raudt kjøt. Dette er blant kosthaldsråda nordmenn vert bedne om å følgje. Dei nasjonale kosthaldsråda er utarbeidde av Helsedirektoratet og vert i dag laga på grunnlag av nordiske ernæringstilrådingar som igjen er utarbeidde på oppdrag frå Nordisk ministerråd. No skal dei nordiske kostråda oppdaterast, ti år etter førre gong, og arbeidet har skapt bråk.
To av dei norske forskarane som var involverte i arbeidet på nordisk nivå, Audun Korsæth og Arne Bardalen frå det statlege, landbruksfaglege forskingsinstituttet Nibio, har trekt seg frå prosjektet i protest og fortel i avisa Nationen at ein svensk forskar har gjort det same.
I tillegg har bonde- og bygdeorganisasjonar frå Noreg, Danmark, Sverige, Finland og Island saman sendt ei uromelding til Nordisk ministerråd om det dei kallar ein «mangel på god vitskapleg metodikk og openheit» i arbeidet som kan få store følgjer, særleg for jordbruket og matproduksjonen.
– Verdilaust
Det både forskarane og bondeorganisasjonane reagerer på, er knytt til vurderingar rundt kva som er berekraftig matproduksjon og ikkje. Medan dei tidlegare nordiske ernæringsråda berre har handla om kosthald og helse, skal no òg berekraft – med vekt på klima og miljø – med i vurderinga.
Helsedirektoratet organiserer arbeidet med dei nordiske ernæringstilrådingane, og ein eigen komité med medlemmer utnemnde frå dei ulike landa styrer den faglege prosessen. Meir enn 300 nordiske og baltiske forskarar deltek i arbeidet samla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.