Sideblikk

Ernas fall er godt nytt for Støre

Regjeringa slit i motvind frå alle kantar. Senterpartiet har ei nøkkelrolle i norsk politikk.

Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Vedum (Sp) i den siste partileiardebatten før valet.
Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Vedum (Sp) i den siste partileiardebatten før valet.
Publisert

Støre-regjeringa har ikkje skapt politisk synergi, men sklerose. Dei baserte partia lever ikkje i fruktbar symbiose. Dei har prøvd å snylta på kvarandre, med innslag av kannibalisme. Begge er blitt magrare av det. Dei har spela kvarandre dårlegare, det er uro i rekkene, og det er vanskeleg å skaffa seg eit nytt veljarfolk.

Konspiratoriske og skuffa støttespelarar klagar over at Erna og husabøfossen stal valet, men det finnes meir nærliggande og empirisk dekkande forklaringar på nederlaget. Det er ikkje resultat av uheldig politisk day trading, for regjeringspartias aksjeportefølje har vore i stødig fall sidan dei tok over.

I Hurdal skulle dei snu sentraliserande trendar og ta heile landet i bruk for folk flest. Men eldhugen på grasrota slokna raskt. Regjeringa blei eit offer for ytre omstende, men også for oppskrudde løfte, inhabilitet, vaklande personalpolitikk og mangel på innsidegrep. Vertinna meiner regjeringspartia har like stort behov for samlivsterapi som Erna og Sindre.

ARBEIDARPARTIET TRENG meir enn interne rådslag for å koma på sporet av tapt tid og makt, og havarikommisjonen kjem ikkje til å få arbeidsro.

For Senterpartiet var valet ein varsla katastrofe. Vedums retorisk oppbygde periferi­allianse var ikkje berekraftig. Det blei for mykje dans og råklining med fjern- og nærståande. Partiet møtte seg sjølv i svingdørene då dei flytta frå opposisjon til posisjon, frå systemkritikk til systemforvaltning. Då dei ikkje lenger kunne gå mot straumen, forsvann spenninga, og det blei kortslutning i dei lånte nedslagsfelta i vest og nord. I Andøy kommune hamna dei under torva. Partiets leiande mann i Alta sa det kraftfullt: «Melkøya var det siste halmstrået som fikk strikken til å ryke.»

SENTERPARTIET GJORDE i grunnen eit normalt godt val; dei to førre vala var unntak. Dersom partiet skal ta ein «follstendige gjønågång» vil dei nok finna seg sjølv på det nivået dei høyrer heime etter ei tid i baronens seng. Det jordbundne Senterpartiet er i røynda eit sving- og jo-jo-parti. Ei framtidsvon er at Arbeidarpartiet og Høgre vil gå hand i hand til Brussel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement