Kommentar

Etter den arabiske vinteren

Opp frå krigsruinane stig eit anna Midtausten enn det vi kjenner.

I juni i fjor var den saudiarabisk kronprinsen Mohammed bin Salman på sitt første besøk i Tyrkia etter drapet på den saudiarabiske spaltisten Jamal Khashoggi i Istanbul.
I juni i fjor var den saudiarabisk kronprinsen Mohammed bin Salman på sitt første besøk i Tyrkia etter drapet på den saudiarabiske spaltisten Jamal Khashoggi i Istanbul.
Publisert Sist oppdatert

Då Sverige søkte vern i Nato mot eit meir aggressivt Russland, valde president Erdogan å halde tyrkisk basar. Svenskane gav etter, sette menneskerettane til sides og gjekk etter fiendane til Erdogan (kurdarar og Gülen-folk). USA gjekk tilbake på sanksjonar mot Tyrkia og lovde å levere F-16-kampfly til Ankara, og kanadiarane la sin Tyrkia-boikott på hylla og skal atter levere kamera til Tyrkias våpendroneindustri.

Først då var det aktuelt for den tyrkiske leiaren å seie ja til Sverige i Nato. Høgt spel og frekke manøvrar? Kanskje det, men heilt i tråd med dei nye tonane frå det indre Middelhavet og Midtausten. For her er det nye takter. Truleg må Europa snart lære å danse etter denne pipa.

Stormaktsrivalisering

Russlands krig mot Ukraina har teke Europa ut av etterkrigstida og inn i ei meir uroleg tid der stormaktsrivalisering, handelskrig, underskot på energi og mat set det gamle kontinentet i skvis. Midtausten på si side har alt vore fanga i ein malstraum av uro, konflikt og endring i halvtanna tiår, sidan 2008.

Sentrale ingrediensar har vore amerikansk militært nedtrekk, auka russisk engasjement, store kinesiske avtalar med lita skrift, arabisk vår med påfølgjande vinter, maktkupp, raskt skiftande alliansar, hyppige diplomatiske brot og regionale kamphanar som barkar saman i krigar via mellommenn. Skvis er noko dei forstår godt i dagens Midtausten.

Men dei siste par åra har stemninga i regionen snudd. Ein ny orden er i ferd med å setje seg i Midtausten. Det nye regionale tøvêret har særleg tre trekk som vedkjem oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement