Krig

Etter kvart som hausten kjem, blir det heitare kring kyrkja

Haustskodde har lagt seg over Ukraina. Det blir kaldare. Førre måndag sende Russland igjen dronar i alle retningar over Ukraina. Dei kunne høyrast i mange delar av Kyiv-regionen, men denne gongen vart alle skotne ned.

Medlemmer av Den ukrainsk-ortodokse kyrkja, som er skulda for å vere knytte til Moskva, ber framfor ei kyrkje i Kyiv.
Medlemmer av Den ukrainsk-ortodokse kyrkja, som er skulda for å vere knytte til Moskva, ber framfor ei kyrkje i Kyiv.
Publisert

Oppvarmingssystema er kopla på i bustadblokkene i hovudstaden. Men ettersom Russland har sendt svært få missil mot byane våre dei seinaste månadene, er folk redde for at dronar og missil skal kome flygande med ny kraft mot ukrainske kraftverk og annan infrastruktur no når livet er avhengig av oppvarming, elektrisitet og vatn.

Dei ukrainske leiarane har kunngjort at antiluftskyts er gjorde klare til å møte vinteråtak på byar. Ukraina har til og med leigd ekstra antiluftskytssystem frå europeiske land til den kalde årstida.

«Å leige våpen» er eit nytt omgrep i militær samanheng. På den eine sida fortel dette at europeiske land er redde for å gå tomme for våpen i ei så eksplosiv tid, på den andre framhevar leigeomgrepet det kommersielle ved sambandet med andre land, sjølv om produksjon og sal av våpen alltid har vore sett på som profitabel forretning.

I ukrainske medium er det mindre og mindre snakk om motoffensiven. Det er klart at vinteren frys fast frontlinene, sjølv om Russland framleis freistar ein offensiv no og da i Kharkiv- og Donbas-regionane.

For ei dryg veke sidan starta russiske troppar eit uventa åtak i Avdijivka i nærleiken av Donetsk, med hundrevis av stridsvogner og tusenvis av soldatar. Åtaket skulle falle saman med at president Putin kom til Rostov-na-Donu, nær frontlina, for å treffe stabssjefen til dei russiske styrkane, general Gerasimov.

Det såg ut til at den russiske militærkommandoen håpa å gje president Putin ei gåve da han kom – erobringa av Avdijivka, som har vore kontrollert av Ukraina sidan 2014. Som eit resultat av denne offensiven vart over femti russiske stridsvogner øydelagde, og tusenvis av russiske soldatar drepne eller sakna. Generalane hadde inga «kongeleg gåve» å tilby leiaren sin, og russiske medium tona ned Putins tur til fronten – dei synte berre nokre nattlege foto av general Gerasimov og president Putin der begge likna figurar frå Madame Tussauds i London.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement