Etterlyser ei innstramming

Børsnoterte selskap har strenge reglar for å hindre innsidehandel. Bør dei også omfatte politikarar?

Høgre-leiar Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes på veg for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet på Skjold skole i Bergen 11. september.
Høgre-leiar Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes på veg for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet på Skjold skole i Bergen 11. september.

– Innsidehandel vert definert i kortform i Store norske leksikon som kjøp og sal av børsnoterte aksjar basert på fortrulege opplysningar om selskapet, som kan slå monaleg ut på kursen. Kor stort er problemet med innsidehandel i Noreg?

– Det veit vi jo ikkje. Ein del forsking har forsøkt å sjå på det, men resultata spriker. Ein rapport frå 2000 sa at det var monaleg innsidehandel på Oslo Børs. Omtrent samtidig kom ein forskingsartikkel som viste at det var relativt lite handel med verdipapir på Oslo Børs rett før annonsering av store hendingar, noko som tyder på at det ikkje er så mykje innsidehandel.

– I løpet av kort tid har to statsrådar og ein tidlegare statsminister og mannen hennar sett seg nøydde til å seie offentleg at dei ikkje har gjort seg skuldige i innsidehandel eller i å leke innsideinformasjon. Korleis kan ein finne ut om dei snakkar sant?

– Sakene liknar på ei anna sak, der ein familie vart frifunnen. Ein i familien jobba i eit lækjemiddelforskingsfirma som fekk varierande rapportar om ein vaksine. Då det vart oppdaga svak metode i ein av rapportane, byrja familiemedlemer å kjøpe seg opp i firmaet. Spørsmålet vert då om ein kan finne ut korleis familien har fått den fortrulege informasjonen. Då må ein jo sjå på kva som er mest truleg, og prova på innsidehandel vert indisium. Det er ei feiloppfatning å tru at ein må ha prov i form av SMS-ar, e-post eller liknande. Om ein har gjort éi investering i livet, og ho vart gjord kvelden før bror din eller kona di sende ei børsmelding med eit kjempehemmeleg nyhende, ser ein på kva som er mest sannsynleg.

– Så svaret er etterforsking?

– Ja. Ein må sjå på handlemønster, forklaringar og på korleis ting ser ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement