EU-toppens klare tale
EUs utanrikssjef Josep Borrell har lagt vekk den diplomatiske retorikken og bed EU tenkje nytt om både verdssituasjonen og eiga rolle.
«Uvisse er regelen», «vi ser at krigar mellom statar kjem attende», og «vi må ta meir ansvar sjølv», sa EUs utanrikssjef Josep Borrell då han tala til ambassadørane i EU-landa i Brussel måndag denne veka.
Foto: Virginia Mayo AP / NTB
EUs utanrikssjef Josep Borrell heldt denne veka ein uvanleg open og kritisk tale for ambassadørane i EU-landa der han sa at EU har bygd tryggleiken og velstanden sin på ei verd som ikkje lenger eksisterer, og no må tenkje heilt nytt. «Uvisse er regelen», «vi ser at krigar mellom statar kjem attende», og «vi må ta meir ansvar sjølv», var noko av det han slo fast medan han skisserte alle kriser og uvisse som EU, og verda, står overfor – som krigen i Ukraina, aukande rivalisering mellom USA og Kina, økonomisk nedgang, klimakrise og global mat- og energikrise.
Øyvind Østerud som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, seier det er overraskande at ein så sentral diplomat som EUs utanrikssjef er så tydeleg og openhjarta.
– Det er ikkje mange som har sagt ope det han seier, og han kjem med svært interessante diagnosar og påpeikingar.
– Er det innhaldet eller fyrst og fremst forma som overraskar?
– Det er fyrst og fremst ordbruken. Men det er interessant at han er så tydeleg på at det i konfliktane vi står i etter Ukraina-krigen, ikkje er snakk om demokratiske statar mot diktatur, men at det finst demokratiske krefter og diktatoriske krefter på begge sider. Det finst jo ei rekkje demokratiske land som ikkje har teke avstand frå Russland. Dessutan sa han at det er fleire land i det globale sør som ikkje vil tvingast til å velje side. Dei vil vere nøytrale og kunne handle med alle partar. Her bryt han med den diplomatiske retorikken om at verda står saman mot Russland, som har vore sentral i måten å snakke om krigen på.
– Kva betyr det når EUs utanrikssjef teiknar opp kartet slik?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.