Kommentar
Europa i strid med seg sjølv
Vi var knapt inne i januar før vi fekk årets fyrste kulturdebatt. Den iaugefallande framsida til Dagsavisen 9. januar lyfte fram to feministiske førebilete med hijab: Sumaya Jirde Ali og Rawdah Mohamed.
Frontane vakna snøgt. Kjetil Rolness harselerte med at eit plagg som i store delar av verda er symbol på kvinneundertrykking og kjønnssegregering, i norske medium vert hylla som eit symbol på fridom.
Leiaren i Dagsavisen svara med motangrep: Påstandane til Rolness om at hijab har ei særskild meining, nemleg å verna kvinna mot seksuell merksemd, er feil, gamaldagse og kunnskapslause. Det er nemleg ikkje dette Sumaya Jirde Ali og Rawdah Mohamed sjølve legg i symbolet. Ein hijab tyder det eigaren vil, og slik vert dei to unge somaliarane faneberarar for feministiske og humanistiske prinsipp ved å ta eigne val og ikkje la seg presse av forventningar.
Ikkje uventa trekte avisa fram talen til kongen på hagefesten i Slottsparken 2016 som fasit for mangfaldslandet Noreg: Nordmenn kjem frå heile verda, og «nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og ingenting. (...) Med andre ord: Norge er dere. Norge er oss.»
På kollisjonskurs
Sjølv om vi veit at Rolness ikkje er åleine om å reagere slik han gjer, vart han framstilt som ein einsleg tulling, på kollisjonskurs, ikkje berre med lesarane av Dagsavisen og redaksjonen sjølv, men med det moderne og etablerte Noreg, ja, med sjølvaste kongen.
For medan Rolness ser ut til å hevde at islam (hijab) ikkje er kompatibelt med vestlege verdiar (likestilling), hevda Dagsavisen at dette ikkje er nokon konflikt. Slik eg tolkar det, meiner avisa at kvart individ definerer verdiane sine sjølv. Kvinnene med hijab er ikkje representantar for nokon tradisjon, men er nettopp individ. Begge posisjonar kan sjølvsagt vere riktige, det handlar om kva premiss ein legg til grunn. Difor er det naudsynt å lyfte blikket for å forstå kva kulturdebatt dette er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.