Samfunn

Europa sakkar akterut

Frihandelen er under press. Det kan truge heile samfunnsmodellen til EU.

Hamna i Hamburg er eit nav i den europeiske frihandelen. I 2022 kjøpte den kinesiske staten opp delar av den strategisk viktige hamna gjennom reiarlaget Cosco. Foto: Michael Probst / Scanpix / Reuters / AP / NTB
Publisert Sist oppdatert

«Porten til verda» kallar dei ho, hamna i Hamburg. Det har ho vore lenge. I fleire hundreår har det kome varer hit frå heile verda, først kaffi og krydder frå dei europeiske koloniane, seinare strategiske mineral og mikrochipar. Hamna er ikkje berre Europas tredje største. Ho er òg eit symbol på og eit resultat av den europeiske økonomien.

EU er basert på nett denne typen frihandel. Det gjeld ikkje berre internt mellom landa i unionen, som er den største integrerte marknaden globalt, men òg handelen med omverda. EU er verdas største eksportør av fabrikkerte varer. 

Inn til hamna i Hamburg kjem skip med råvarer: kobolt frå Kongo, kopar frå Chile, halvfabrikata via Hongkong. Ut att seglar dei med bilar, maskinar og legemiddel. I desse sektorane er EU-landa verdsleiande. Og hamnekranene, symbolet på den økonomiske veksten, har strekt seg stadig høgare mot himmelen i kapp med kyrkjespira inne i byen.

Utflagginga

Men denne handelen er skjør. Det poengterte kommisjonspresident Ursula von der Leyen i ein tale 29. januar:

– Den europeiske økonomiske modellen har i stor grad basert seg på billeg arbeidskraft frå Kina, det ein trudde var billeg energi frå Russland, og på å flagge ut tryggleikspolitikken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement