EUs digitale bod
Teknologigigantane har tapt eit viktig slag om den digitale framtida i Europa. Ei ny EU-forordning kan råke selskap som Google, Meta og Apple hardt.
I desember 2020 kasta EU-kommisjonen hansken. Då vart to lovforslag lagde fram, Forordninga om digitale tenester (FDT) og Forordninga om digitale marknadar (FDM), med mål om å svekkje marknadsmakta til dei store teknologiselskapa og lage nye spelereglar som sikrar personvern og tryggleik på nettet.
Selskapa som blir råka, har ikkje stått tolmodig på sidelina og venta. Tal frå Corporate Europe Observatory har synt at Amazon, Apple, Microsoft, Meta og Google har brukt 22,8 millionar euro (om lag 218 millionar kroner) i 2021 på å påverke EUs digitale økonomipolitikk. Teknologisektoren er den største lobbysektoren i EU, framfor både farmasi, fossil energi og finans.
Strategien
Det mest slåande var lekkasjen av eit internt Google-dokument med forslag til korleis selskapet kunne påverke EUs nye reguleringsplanar. Dokumentet vart publisert i det franske nyhendemagasinet Le Point, og forslaga minner nesten om krigsplanar:
z drive lobbyverksemd retta mot Europaparlamentet, EU-kommisjonen og medlemslanda
z endre det politiske narrativet knytt til kostnadar for økonomien og forbrukarar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.