Kommentar

Få dagar før det amerikanske presidentvalet er det klart at Donald Trump kan bli vald.

Kva kan ein Trump-siger få å seia for verda, for Europa og for Noreg?

President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.
President Donald Trump held valkampmøte i Traverse i Michigan 25. oktober.
Publisert

Det få av oss trudde var mogleg, kan koma til å skje tysdag i neste veke: USA, verdas viktigaste demokrati, kan velja ein mann dei aller fleste i Europa – og svært mange i USA òg – meiner er uskikka til å vera president.

Så har det vist seg at Trump veke etter veke har hamra inn den same bodskapen om økonomi og om innvandrarar. Motkandidaten hans, Kamala Harris, har i sterke ordelag åtvara mot Trump. Men kva Harris eigentleg vil gjera om ho vinn valet, det er det mange som ikkje forstår. Går valet gale for Harris på tysdag, kjem nok denne mangelen på klar tale til å vera hovudforklaringa på kvifor ho tapte.

Om Kamala Harris taper, vil det vera eit av dei største politiske jordskjelva i vår generasjon. Ingen kan sjå inn i krystallkula og sikkert vita kva som skjer, men nokre slutningar kan me trekkja. Den aller viktigaste er at USA vil gå frå å vera engasjert internasjonalt til å bli meir isolasjonistisk. Ikkje berre ser det ut til at Trump sjølv er meir oppsett på å prioritera USA på kostnad av gamle allierte. Visepresidentkandidaten hans, J.D. Vance, har til dømes sagt tvert nei til meir hjelp til Ukraina.

Ei endra verd

Ein kan innvenda at dette har me sett før. I innsetjingstalen 20. januar 2017 sa Trump at heretter skulle det bli «America first, only America first». Faktum er at det gjekk toleleg bra. USA trekte seg frå ein god del internasjonale avtalar, men gjekk ikkje ut av Nato, slik mange i Nato-hovudkvarteret i Brussel frykta.

I mellomtida har verda endra seg dramatisk: Det er fullskalakrig i Ukraina. Det totalitære Kina er blitt ei endå viktigare supermakt. Dei antivestlege kreftene i verda er på frammarsj, slik me såg under Brics-møtet i Kazan i Russland i førre veke. Sist, men ikkje minst har Europa gjennom meir enn eit tiår tapt terreng til USA. I 2011 hadde USA og EU det same bruttonasjonalproduktet i absolutte tal. For 2024 er det berekna at bruttonasjonalproduktet til USA er 1,52 gonger større enn i EU. 335 millionar amerikanarar produserer halvannan gong så mykje som 448 millionar EU-borgarar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement