Få har søkt oppreising

Medan tre av dei som er ulovleg straffeforfølgde, har saksøkt staten for å få meir i oppreising, har fleirtalet ikkje eingong søkt om den oppreisinga dei kan få i dag.

Publisert Sist oppdatert

Under halvparten av dei 85 personane som er identifiserte som uskuldig dømde som følgje av den såkalla Nav-skandalen, har søkt oppreising, og berre 196 av dei over 7500 personane som er råka, har søkt om erstatning for økonomiske tap dei har hatt som følgje av feilen. No går fristen for å søkje snart ut. Det går fram av opplysningar frå Nav og frå Statens sivilrettsforvalting.

– Krava vert som hovudregel forelda tre år etter kunnskap om frifinning eller at saka vert lagd bort. Lovbruksfeilen vart slått fast ved høgsterettsdom 2. juli 2021, og i perioden før og etter dette har ei rekkje personar vorte frifunne. Dei som ønskjer å framsetje erstatningskrav, bør gjere det no, skriv sivilrettsforvaltinga.

– nok informasjon

Sivilrettsforvaltinga opplyser at dei ikkje har nokon haldepunkt for å vurdere kvifor så få har søkt, og syner til at nettsidene deira har utfyllande informasjon om høve for å søkje, inkludert informasjon om at dei som er råka, har rett til advokat uavhengig av økonomi.

Fungerande ytingsdirektør i Nav seier det same gjeld for Nav, i tillegg til at personar som har fått omgjort tidlegare vedtak på grunn av feiltolkinga, har fått informasjon i dei nye vedtaksbreva om at dei kan ha rett på erstatning.

– I brevet står det korleis dei skal finne meir informasjon om vilkår og korleis dei kan setje fram krav om erstatning. I tillegg er det informasjon om høva for fri rettshjelp til å mellom anna setje fram krav om erstatning eller hjelp til å klage på eventuelle avslag på søknad om erstatning, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement