Samfunn
Faktasjekk
Dag og Tid har faktasjekka nokre av påstandane Musk kjem med i intervjuet på konferansen CPAC.
Elon Musk er rådgjevar for president Donald Trump.
Foto: Gage Skidmore
Musk hevdar at demokratane vil ta våpena frå folk. Det er feil. Presidentkandidaten deira Kamala Harris eig sjølv våpen. Demokratane vil i staden ha strengare våpenlover, mellom anna ved å forby sal av automatvåpen og å gjere det enklare for rettsvesenet å konfiskere våpen dersom eigaren er ein fare for seg sjølv og andre.
Musk meiner europearar kan fengslast på grunn av eit mem. Han siktar ikkje til ei spesifikk hending. Mest sannsynleg dreiar det seg om Tyskland, der politiet i vinter gjorde fleire razziaar mot nettbrukarar som hadde spreidd rasistisk innhald.
Det er ikkje rett at det meste av regjeringsstøtta går til media. USA har heller ikkje ei ålmenn føderal pressestøtte, slik Noreg har. Mange etatar abonnerer rett nok på aviser, men utgiftene til dette er små.
Påstanden om at det er 400 millionar amerikanarar i databasen til trygdevesenet, er usann. Etaten fortel at dei har 67 millionar brukarar. Det kan likevel vere hald i påstanden om at ein database syner kunstig høge tal eller usannsynleg gamle brukarar, slik Musk siktar til. I enkelte eldre register har ein nemleg ikkje registrert dødsdatoen på tidlegare brukarar. Desse blir ikkje brukte til utbetalingar av sosialstønad, slik Musk indikerer.
Musk hevdar at det vart delt ut 200 milliardar dollar til urettmessige mottakarar under covidpandemien. Det er truleg rett. Ein rapport frå 2023 syner det, men det er ikkje grunnlag for å seie at pengane hamna i utlandet.
Pengestøtta det er snakk om, byrja i 2020, då Trump framleis var president.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.