Fangcangsjukehusa

For å unngå smitte i Kina, i eit alt overbelasta helsesystem, vart koronasjuke personar med milde symptom, ufrivillig eller frivillig, samla bak lukka dører i store isoleringsrom.

Ein lege sjekkar eit resultat på eit hotell som er gjort om til sjukehus.
Ein lege sjekkar eit resultat på eit hotell som er gjort om til sjukehus.
Publisert

Koronavirusets såkalla episenter har flytta seg til Europa, mens Kina begynner å friskne til. I frykt for ein såkalla bumerangeffekt vender kinesarane eit kritisk blikk ut over eigne landegrenser. Når dei ser mot Europa, er inntrykket dei får, ikkje berre positivt. Generelt føler mange på at sovande leiarar og halvhjarta tiltak har prega virusresponsen på den vestlege delen av kontinentet. Tiltaka som har fungert på eiga jord, har derimot vore hardhendte. Nokre av dei hadde kanskje ikkje fungert i Vesten. Eit godt eksempel er dei berykta fangcangsjukehusa.

Da viruset på kort tid spreidde seg, slik at ein fekk klynger med fleire titusen smitta, som i storbyen Wuhan, vart kapasiteten til lokalsjukehusa sprengd. Dei sengeplassane som var igjen, vart reserverte for dei alvorleg sjuke. Dei med milde symptom blei sende heim, men måtte love å gå i sjølvisolasjon.

Laust konsept

Sjølvisolasjon blei eit laust konsept for folk. For styresmaktene blei det eit hol i smittevernet. Slik oppstod fangcangsjukehusa – provisoriske sjukehus. Alle som testa positivt, men berre opplevde milde symptom, blei ein dag innlosjerte i omgjorde idrettsarenaer og utstillingshallar. Det blei sett opp ei såkalla skitten sone, ei buffersone og ei rein sone. Det heile modellert etter militære medisinske feltfasilitetar. Som virussjuk blir du send inn bakdøra, direkte inn i den skitne sona. Der står det over tusen senger plasserte tett i tett. Dei fleste er alt fylte med andre virussjuke. Éi seng er di, blir du fortald. Du blir vist til ein sengeplass og ei kasse til personlege eigedelar. Døra blir låst bak deg, du blir informert om at ho blir ikkje opna før dei kan bevise at du er frisk. Det tek i gjennomsnitt litt under tre veker.

«Stemninga her er som bølgjer. Ho flakkar mellom botnar og toppar. Ei bølgje slår. Ho framkallar ei smerte så stor at pasientane mistar livslysta. Ikkje lenge etter står dei plutseleg alle og dansar av fullt hjarte i gruppedansen», står det i dagboka til overlege Wang Wenfeng ved Shantou Yuanzhu sjukehus nr. 2 – eit fangcangsjukehus.

Inne på sjukehusa fekk dei sjuke fire korte helsesjekkar om dagen, med temperatur- og blodtrykksmåling. Mat og drikke blei leverte etter behov. Etter kvart vart mange av fangcangsjukehusa også utstyrte med små bibliotek og TV-skjermar. Helsepersonell jobba døgnet rundt for å gjere tida inne på fangcang så uthaldeleg og komfortabel som mogleg, men komforten i eit innelåst og klaustrofobisk tilvære har definitivt sine grenser.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement