Kommentar
Farseplattforma
Saka om Helseplattforma i Helse Midt framtrer vekselvis som tragedie og som farse.
Saka er tragisk, fordi innføringa av eit nytt dataprogram har ført til at éin av ti legar på St. Olav sjukehus har sagt opp, mens éin av to vurderer stillinga si. Og saka er tragisk fordi mange hundrevis, truleg tusenvis, av meldingar mellom sjukehus og pasientar har blitt sporlaust borte.
Dette vart oppdaga nokså tidleg etter at den praktiske omlegginga starta i fjor haust, men det blir stadig avdekt nye forsvinningsnummer.
Så seint som i oktober sende St. Olavs Hospital ei bekymringsmelding til Statens helsetilsyn fordi fleire hundre tilvisingar ikkje var fanga opp i systemet.
Rammar pasientar
Saka er tragisk fordi ho rammar pasientar. Innkalling til livsnødvendig behandling blir borte i eit system som ikkje verkar. Og ho er tragisk fordi denne mislukka innføringa av eit mislukka system kostar ufatteleg mange pengar, så langt om lag 5 milliardar kroner.
Om vi omset det til stillingar, og reknar at ei stilling i helsevesenet kostar om lag 2 millionar kroner, alt inkludert, så brukar ein altså opp pengane for 2500 stillingar på dette, berre på eitt år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.