Helse

¿ Feminisme og svoltne kyllingar

Etter to månader i karantene tek kinesarane dei første varsame skritta mot ein virusfri morgondag.

Tre politimenn sit i eit telt ved ein vaktpost i Hubei-provinsen.
Tre politimenn sit i eit telt ved ein vaktpost i Hubei-provinsen.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Eg lever strevsame dagar i isolasjon, sjølv om stegteljaren kanskje seier noko anna. Bønene mine om at arbeidsmengda på kinesiske universitet skal minke no når universitetsbygningane er stengde, blir ikkje høyrde. Universitetet mitt ser derimot ut til å ha ei vrangførestilling om at dei 24 timane vi har i døgnet, har fordobla seg under epidemien. Utdanningsinstitusjonane i landet forventar at vi held fram med å ta all undervisning dei neste månadene på nettet.

Etter ei kraftig regnbye kjem vårsola fram. Ho skin sterkt utover dei endelause taktoppane som dekkjer horisonten, når eg ein søndag skodar utover landskapet frå takterrassen på blokka mi. Asfalt og betong er ikkje det einaste ho lysset. Forteljingar, sanningar og lærdom frå mørklagde karantenesoner skal også fram i lyset, og vil mogleg endre nasjonen for godt.

Kvelande press

54 år gamle Chen Li Chun har nettopp tatt fatt på det 15. året som visedirektør på det lokale partikontoret i Gao’an. For tida har det vore travle dagar. På pulten framføre han kviler metervis med rapportar på alt frå helsetilstanden til arbeidarane til forsyninga av mat og medisinsk utstyr i byen. Etter snart to månadar utan ein einaste kviledag seier det ein måndagskveld stopp for Chen. Stadige 24-timars skift med mangel på søvn og næring gjer at Chen, med pennen i handa, fell død om over pulten sin. Eit slikt dødsfall er visstnok gamalt nytt under epidemien i Kina. Eg finn ei publisert liste med hundrevis av liknande tilfelle frå den siste månaden, menn og kvinner i offentleg teneste som fell om på arbeidsplassen. «Plutseleg død som resultat av overarbeid», står det som dødsårsak. «Plutseleg død» inneber i dei fleste tilfelle hjarteinfarkt.

Det kvelande presset under epidemien byr på tunge dagar for dei alt hardt pressa offentleg tilsette i det merittbaserte byråkratiske systemet. Dersom du gjer feil, er for lite effektiv eller ikkje taklar presset, psykisk eller fysisk, står tusenvis av ivrige kadrar i kø for å erstatte deg. Heime i Noreg, derimot, nektar to kommunetilsette å ta telefonen i lunsjpausen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement