Festen er over for fiskarane
Krympande kvotar, dyrt drivstoff, høg rente og stor gjeld: Det er motvind frå alle kantar for fiskeria.
Skreifiske utanfor Senja i 2015. På denne tida var torskebestanden i nord svært stor.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Ein gullalder for norske fiskarar er over. Bestandane av torsk, sild og andre viktige fiskeslag har minka, og kvotane er kutta hardt. Det er særleg utviklinga til torskestammen i Barentshavet, den viktigaste bestanden for norske fiskarar, som skaper uro langs kysten. I fjor var torskeeksporten verd over 12 milliardar kroner. Av fisk er berre oppdrettslaksen ei meir verdifull eksportvare for Noreg.
Gjennom meir enn ti år med sterke fiskebestandar, stor etterspurnad og låge renter valde mange å investere stort i kvotar og båtar. No kan fiskarar og reiarlag som er tungt lasta med gjeld, kome i klemme.
Gullfisken
Den mest dramatiske utviklinga gjeld den nordaustarktiske torsken, som lever det meste av livet i Barentshavet og blir kalla skrei når han kjem inn til norskekysten for å gyte på ettervinteren. Denne fiskebestanden, som Noreg forvaltar saman med Russland, er ein berebjelke i økonomien til både kystfiskarane og trålarflåten. Etter nokre svake år kring tusenårsskiftet voks torskestammen i Barentshavet svært raskt, og i 2013 var den totale kvoten på ein million tonn – den høgaste nokon gong. Av dette kunne norske båtar fiske 430.000 tonn, og kvotane heldt seg høge i ein god del år.
Men frå 2019 kom det fleire svake årsklassar. I år er den totale torskekvoten berre 453.000 tonn, og den norske delen 212.000 tonn. Neste år blir det verre: Da blir kvotane kutta med 25 prosent til, og norske fiskarar får berre fiske 136.000 tonn. Dette er den minste torskekvoten sidan 1991, berre ein tredel av nivået i toppåret 2013. Og sidan den gongen har det blitt investert for mange milliardar i dei norske fiskeria.
Kvotesamling
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.