Fiktivt

Publisert

Eg likar ikkje sjukehus. Eg trur ikkje eg nokon gong har likt dei. Det er eit enkelt reknestykke: Om eg er der, så er det av di noko er gale med meg eller nokon eg er glad i. Ofte alvorleg gale. Som til dømes no. Eg sit ved sjukesenga til Sir Alex Ferguson, på Salford Royal Hospital. Han blei akutt dårleg for nokre dagar sidan. Hjernebløding. Hasteoperert. Fell i koma. Vaknar igjen. Men heng i ein tråd. Heng enno i ein tråd. Slik vi alle, sjølvsagt, heng i ein tråd.

Eg gir han eit glas vatn. Han likar vatn, seier han, løver og tigrar drikk vatn.

Eg er glad han er betre, men tør ikkje seie det høgt. Sjukehus er rare stader. Her går det troll i ord heile tida. Han lurar på korleis eg har tid til å kome heile vegen og sitte her heile dagen, har eg ikkje jobb?

– Jo, seier eg. – Eg tok nokre dagar fri.

– Fridagar? Kva er det for noko, spør Sir Alex.

Med eit slags smil. Han har ikkje mykje tru på fridagar. Han har tru på arbeidsdagar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement