Filosomor

Vi har spurt ein av journalistane våre som har interesse for filosofi om kven som er dei kvinnelege favorittfilosofane hennar.

Eg har ingen favorittfilosofar. Sjølve ideen byr meg imot, av grunnar eg ikkje har plass til å gå inn på her. Men eg kan nemne nokre svært ulike tenkarar som betyr noko for meg.

Camille Paglia er filosofiens Jordan Peterson: reaksjonær, populistisk og hypnotiserande. Ho tek feil om mykje, men herregud så gira eg blir av å lese berre ei side av den heseblesande, liksom kronisk kåte, men samtidig totalt cerebrale, skrifta hennar. Paglia blandar psykoanalyse, mytar og nærlesingar av kanonisert litteratur i sveipande diagnosar av kva det vil seie å vere menneske generelt og kvinne spesielt. Tekstane hennar er like mykje poesi som argument, sjølv om dei er fri for tre og steinar og konkrete kroppar; her er alt abstraksjon og påstand, skamlaust og fritt og frodande.

Eg liker ikkje å lese Donna Haraway, ein krunglete og innforstått filosof eg forbind med berlinske hipsterar og kunstverdas klumsete omgang med filosofisk sjargong, men likevel liker eg å ha ideane hennar for handa, særleg i møte med unge folk. Ho skriv om gråsonene mellom det «kunstige» og det «naturlege», kritiserer tenking som set menneske i midten, og foreslår nye former for slektskap på tvers av artar.

Elles er eg glad i brodden til britiske Gillian Rose, den sylskarpe og samstundes ømme tunga til Angela Davis, Nancy Frasers kritikk av identitetspolitikk og den anstendige og kloke moralfilosofien til Onora O’Neill.

Då eg studerte, lærte eg å forakte Martha Nussbaum. Lærarane mine meinte ho var ein hysterisk og uptight moralist. Eg har sidan den gong oppdaga at eg elskar henne. Det er ikkje uvanleg i filosofien, at ein møter karikaturar av eit argument lenge før ein faktisk les det.

Nussbaum er jurist, operasongar og maratonløpar, og det merkar ein i filosofien hennar, som er ein ballsal av stamina og presisjon. Kvart einaste år publiserer ho bøker om aktuelle spørsmål, samstundes som sakskompleksa faldar seg ut i det offentlege ordskiftet, om alt frå metoo, klima, nasjonalisme, dyr og rasisme til litteraturens rolle som empatigenerator. Den hyperaktive produksjonen provoserer kollegaene hennar, utan at dei klarer å stable på beina ein kritikk om at ho er ein lettvektar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement