JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Finnmarkseigedommen er enno i spel

Kampen om jorda kan halde fram etter historisk dom i Høgsterett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgsterett avviste førre fredag kravet om kollektivt eigarskap til arealet i Karasjok. Dommen reiser fleire spørsmål. Biletet viser reindriftssame Jon Mikkel Eira med reinflokken sin ved Nattvann (Idjajávri).

Foto: Heiko Junge / NTB

12584
20240607

Bakgrunn

Karasjok-saka

31. mai fall høgsterettsdommen i Karasjok-saka.

Lokalbefolkninga i Karasjok fekk ikkje medhald i at dei har kollektiv eigarskap til landarealet i kommunen.

Heller ikkje Guttormsgruppa, som har kravd eigarskap for den samiske delen av befolkninga, fekk medhald.

Finnmarkseigedommen (Fefo) forvaltar eigedommen i dag.

Tvisteområdet er på litt over 5362 kvadratkilometer og utgjer 98,3 prosent av alt arealet i Karasjok.

Karasjok er den nest største kommunen i Noreg, rekna ut frå areal.

Eigedomsrett

christiane@dagogtid.no

Då høgsterettsdommen fall i Karasjok-saka førre fredag, kunne det straks verke som om alt ville halde fram som før. Lokalbefolkninga i Karasjok sitt krav om eigedomsrett til over 98 prosent av landarealet i kommunen, vart avvist. Det vart også kravet frå to reinbeitedistrikt og grupperinga kjend som Guttormsgruppa om at den samiske befolkninga i kommunen har hevd på det same arealet.

Finnmarkseigedommen (Fefo), som sidan 2006 har forvalta 95 prosent av landarealet i Finnmark, sa seg tilfreds med å ha vunne saka. Men dei som trudde høgsterettsdommen skulle avgjere eigarskapen til, og forvaltinga av, grunnen i Karasjok ein gong for alle, kan ha forrekna seg.

Onsdag var ordbruken frå Fefo litt annleis. No kalla Fefo-jurist Håvard Aagesen dommen for ein halv siger (Altaposten).

Ingen kollektiv rett

Forklaringa på det ligg i ei lita, men viktig presisering i dommen. Det vert slått fast at Høgsterett ikkje tek stilling til om enkeltpersonar, bygdelag, sidaer eller andre i Karasjok har erverva eigedomsrett til «sine» område gjennom bruk over lengre tid.

Det er den kollektive retten til å eige all utmark i Karasjok Høgsterett har teke stilling til, og berre den.

Det er dermed grunn til å tru at høgsterettsdommen er dårleg nytt for kommunar som Tana og Kautokeino, som også ønskjer å få overført eigarskapen til landarealet sitt kollektivt til lokalbefolkninga i sine kommunar.

Andre personar og grupper kan derimot ha håp om å vinne fram med sine krav.

Høgsterett avviste kravet om at lokalbefolkninga i Karasjok om felles eigarskap til mesteparten av grunnen i kommunen.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Nye rettsrundar

Før saka vart avgjord i Høgsterett, kunne ein sjå føre seg at allmenningen i Finnmark kunne vore delt inn i store kommunale eigedommar. Kan ein no sjå føre seg at landarealet i Finnmark i staden kan utvikle seg til eit lappeteppe av større og mindre private eigedommar?

Eller at Fefo står oppført som eigar, medan den faktiske forvaltinga av land og vatn (les: jakt- og fiskeressursar) vil verte plassert hos ulike grupper?

Eit alternativ er sjølvsagt at forvaltinga av Finnmark held fram som i dag, men dommen legg altså ikkje ei klar føring.

Politisk redaktør i Altaposten Jarle Mjøen skriv i ein kommentar at høgsterettsdommen kan vere startskotet for at land og vatn i Finnmark vert privatisert.

Krav

Ein treng ikkje leite lenge etter grupper med krav. To slike grupper har vore partar i den nyleg avslutta rettssaka.

Karasjok sameforening reagerte sterkt på at dei tapte saka saman med kommunen, men kan likevel stå framfor nye rundar i retten.

Høgsterett ville nemleg ikkje ta stilling til dei subsidiære krava frå organisasjonen om at folk i Karasjok har ein særleg kollektiv bruksrett, med eksklusiv forvaltingsrett. I staden oppheva Høgsterett dommen frå den tidlegare rettsinstansen, Utmarksdomstolen, slik at denne delen av saka kan verte avklart der.

Også Guttormsgruppa vurderer nye krav. Til NRK seier leiar Thoralf Henriksen at nederlaget var tungt å svelgje, men at dei no vurderer å løfte saka på nytt i Utmarksdomstolen.

– Dette er ikkje slutten på kartlegginga av rettar i Karasjok-feltet.

Øyvind Ravna, jussprofessor

Signal frå Høgsterett

– Først kunne det verke som om dommen frå Høgsterett stadfesta status quo. Fefo held fram med å forvalte Karasjok og resten av Finnmarkseigedommen. Men det at Høgsterett sender subsidiære krav tilbake til Utmarksdomstolen, peiker vel i ei anna retning?

– Ja, dette er ikkje slutten på kartlegginga av rettar i Karasjok-feltet, slår Øyvind Ravna, professor i juss ved UiT Noregs arktiske universitet, fast, og utdjupar:

– Dommaren som voterte først, og som representerer fleirtalet i Høgsterett, er oppteken av at det er den konkrete bruken som skal spegle eigedomsretten. Heile befolkninga i Karasjok har ikkje utøvd lik bruk av alle delane av Karasjok kommune. På same måte kan ein seie at heile befolkninga i Finnmark heller ikkje har utøvd lik bruk av alle delane av Finnmark, og heller ikkje skal ha dei same rettane. Så signalet er at bygder som har brukt konkrete område, må fremje krav som er forankra i konkret bruk.

Skulle Utmarksdomstolen gje Karasjok sameforening medhald i det subsidiære kravet deira, vil det innebere at Fefo held fram som grunneigar, men at lokalbefolkninga vil forvalte land og vatn, jakt og fiske inkludert, ifølgje Ravna.

– Kan vi også sjå for oss krav om eigedomsrett frå enkeltpersonar eller grupper?

– Vi kan i alle fall ikkje utelukke det.

Jakt og fiske

Nettopp retten til fisk og vilt står sentralt for mange finnmarkingar som følgjer saka. Hovudregelen i dag er at alle finnmarkingar kan jakte småvilt og fiske med stong og snøre på det enorme landområdet Fefo forvaltar, på tvers av kommunegrenser.

Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) peiker i eit skriftleg innlegg til Høgsterett på at utmarksressursane er ulikt fordelte i dei ulike kommunane i Finnmark. Dersom befolkninga i Karasjok skulle få eigarskap til eige landareal, ville det gje dei høve til å hindre andre finnmarkingar i å hauste av ressursane i Karasjok, medan dei sjølve fritt kan hauste i områda både innan- og utanfor.

NJFF meiner også at modellen av i dag, med éin forvaltingsinstans, har sikra at ressursane vert utnytta på ein berekraftig og rettvis måte.

I innlegget argumenterer NJFF imot at befolkninga i Karasjok skal ha opparbeidd seg ein kollektiv bruksrett.

Men at Høgsterett no har avvist ein slik kollektiv bruksrett, treng altså ikkje bety at tilgangen til land og vatn i Finnmark for all framtid vil vere som i dag.

Historisk kompromiss

At Fefo i dag forvaltar eit landområde større enn Danmark, er resultat av eit historisk politisk kompromiss i 2005 – vedteke etter fleire tiår med utgreiingar og diskusjon om samiske rettar.

Fefo tok over forvaltinga etter Statskog, som forvalta landområdet på vegner av staten. Fefo forvaltar på si side området på vegner av befolkninga i fylket, med eit styre sett saman av tre representantar valde av fylkeskommunen og tre valde av Sametinget.

Finnmarkskommisjonen vart samtidig etablert for å kartleggje bruks- og eigarrettar i fylket, erverva på grunnlag av langvarig bruk.

Karasjok-saka er eit resultat av denne kartlegginga.

Ser til Sør-Noreg

Ravna meiner høgsterettsdommen legg til rette for ei forvalting av landareala i Finnmark som liknar forvaltinga av statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg.

Her står Statskog som eigar, medan landbrukseigedommar har ulike rettar til beiting, seterdrift og uttak av trevirke. 94 ulike fjellstyre, valde av kommunestyra, styrer i stor grad jakt og fiske.

Ravna viser til at Samerettsutvalet i 1997 foreslo ei liknande løysing, som vart avvist av den dåverande regjeringa.

– Ein foreslo å opprette eit utmarksstyre i kvar kommune, som skulle forvalte dei fornybare ressursane. I tillegg foreslo utvalet bygdebruksområde. Samerettsutvalet argumenterte for at dette kunne sjåast på som ei modernisering av den gamle sida-ordninga.

Men regelverket i Sør- og Midt-Noreg skil seg frå finnmarkslova på fleire punkt.

– Finnmarkslova opnar ikkje for fjellstyre eller utmarksstyre. Dette må i så fall verte etablert på privatrettsleg grunnlag eller ved lovendring, seier Ravna.

Dissens på dissens

Karasjok-saka er også ei historie om dissensar. Saka vart først handsama i Finnmarkskommisjonen, der eit fleirtal på tre av fem meinte at lokalbefolkninga i Karasjok hadde kollektiv eigarskap til landområdet i kommunen. Ho gjekk så vidare til Fefo, som var like delt. Dei tre representantane valde av fylkestinget avviste kravet frå lokalbefolkninga, men dei tre valde av Sametinget gav dei medhald. Dobbelrøysta til styreleiaren avgjorde saka til fordel for folket i Karasjok.

Så var turen komen til Utmarksdomstolen, der eit fleirtal på tre av fem slo fast at lokalbefolkninga har rett på landarealet.

Høgsterett avgjorde førre fredag saka i storkammer med knappast mogleg fleirtal. Fem voterte for ein kollektiv eigedomsrett for befolkninga i Karasjok, medan seks voterte mot.

Kva seier dissensane om Karasjok-saka?

– Dei seier vel først og fremst at det har vore usikkert kva som ville verte resultatet, seier Ravna.

– Men når Høgsterett i storkammer avgjer ei sak, vil det, sjølv med eit lite fleirtal, skape presedens. Det vil ikkje vere like lett å fremje felleskrav, slik Karasjok har gjort, framover. Men verknaden av presedensen vil vere langt mindre med ein dom med dissens fem mot seks.

Samiske rettar

Ein dom er langt meir enn ei votering. Høgsterett vurderer i dommen norsk og samisk historie i Finnmark tilbake til 1751, då området vart norsk. Han vurderer også norsk tingsrett (juss om eigedom og lausøyre) opp mot ILO-konvensjon nr. 169, som er ein del av folkeretten Noreg har bunde seg til.

Svekkjer eller styrkjer dommen samiske rettar i Noreg?

Då dommen fall, gjekk Ragnhild Nystad i Karasjok sameforening så langt som å kalle dommen spikaren i kista for samiske rettar (NRK). Også sametingspresident Silje Karine Muotka var skuffa.

«Høyesterettsdommen bryter med samisk rettsoppfatning omkring eierrett, som i utgangspunktet er kollektiv, og kan tvinge samiske rettighetshavere til å fremme enkeltvise krav. Jeg mener at særdomstolens vurderinger ble tillagt oppsiktsvekkende lite vekt i Høyesteretts vurdering, og dette må vi se nærmere på», seier ho i ei pressemelding.

I Finnmark har det vore sterk usemje om Karasjok-saka. Før dommen fall, sa sametingsrepresentant Toril Bakken Kåven (Nordkalottfolket) til NRK at saka var ein kamp der samar står mot samar. Synet hennar har vore at enkelte samar har stått i fare for å miste rettar for at «elitesamar» skal få dei.

Sametingspresident Silje Karine Muotka er skuffa over Høgsterettsdommen.

Foto: Jan Langhaug / NTB

Interessemotsetningar

Ravna seier han vil vere forsiktig med å trekkje konklusjonar.

– Det er vanskeleg å seie at samiske rettar vert svekte på bakgrunn av at store kollektive krav er vortne avviste. Dommen svekkjer ikkje retten til å setje fram meir spesifikke krav, frå til dømes bygdelag. Så om rettar vert svekte eller styrkte, kjem an på kva samisk gruppering ein ser på.

Ravna seier det no er klart at det er dei som har brukt eit område, som kan få bruksretten anerkjent.

– Det vil verte vanskelegare for dei som bur ved kysten, å hevde rettar i indre Finnmark, og det vil verte vanskelegare for dei i indre Finnmark å hevde rettar langs kysten. Reindrifta vil komme i ei mellomstilling, for dei har utøvd bruk både i indre Finnmark, der dei har vinterbeite, og langs kysten, der dei har sommarbeite.

Ulik forståing

Ravna har merka seg at mindretalet og fleirtalet skil seg frå kvarandre på eit par prinsipielt viktige punkt. For det første vurderer dei ILO-konvensjon nr. 169 ulikt.

– Fleirtalet meiner at ILO-konvensjonen ikkje har sjølvstendig betyding for rettskartlegginga, og at ein ikkje kan komme til eit anna resultat enn det ein ville komme til ut frå norsk tingsrett. Mindretalet seier derimot at ILO-konvensjonen tilseier at eigedomsretten skal verte anerkjend om krava i konvensjonen er oppfylte, sjølv om denne retten ikkje fullt ut vil vere resultat av tingsretten.

For det andre skil dei lag når det gjeld historiske realitetar.

– Fleirtalet meiner at kongen av Danmark vart eigar av Karasjok i 1751, då området kom inn under dansk-norsk suverenitet. Det meiner ikkje mindretalet.

Med så knapt fleirtal som i denne dommen vil det også i framtidige saker vere mogleg å prosedere på ILO-konvensjonen, meiner Ravna.

Kva med vindkraft?

– Vil ei oppdeling i private eigedommar få noko å seie for til dømes statleg tildeling av areal til vindmøller?

– Ja, det vil eg tru, utan at eg kan svare konkret. Grunneigarar har jo stor forvaltingsrett over sin eigedom, men samstundes har staten høve til å ekspropriere. Det er kanskje meir krevjande å ekspropriere privat grunn enn grunn forvalta av Fefo, sjølv om også Fefo kan setje seg imot å bruke areal til vindkraft.

– Korleis ser du på faren for konfliktar i tida som kjem? Det er jo snakk om verdiar?

– Så lenge det er uavklarte rettsforhold, er risikoen for konflikt til stades. Men det er det vanskeleg å seie noko konkret om utan å kjenne områda det er snakk om.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis