Kommentar
Firar utan styrmann
Statsminister Erna Solberg (H) har farta rundt på mange sportsarrangement i seinare tid. Men den sportsgreina ho er mest familiær med, er rodisiplinen: firar utan styrmann som har vart i fire år.
Statsminister Erna Solberg (H) og innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) då dei opna den nasjonale integreringskonferansen til regjeringa.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Solberg regjerer på grunnlag av ein samarbeidsavtale mellom fire parti, to i regjering og to utanfor. Det seier seg sjølv at slikt kan skape problem med både parti og representantar som kjenner behov for å markere seg.
Det fekk Jens Stoltenberg (Ap) merke då fleire av regjeringspartnar SVs stortingsrepresentantar demonstrerte mot eiga regjering utanfor Stortinget straks etter at dei inntok regjeringskontora hausten 2005. Då galdt det norske kampfly til bombing i Afghanistan. Opposisjonen, med Høgre og Frp i spissen, raljerte over den manglande disiplinen i regjeringspartia.
Oppgjeret som fylgde internt, må ha vore så kraftig at då Stoltenberg-regjeringa i 2011 sendte norske bombefly for å bombe i Libya, var det knapt knyst frå SV.
Frp har lenge vore skulda for å drive dobbeltspel: stå for éin politikk i regjering og stå for ein annan kurs i Stortinget, openbert for å tekkast eigne veljarar. Dette er så systematisk at det skil seg klårt frå tidlegare regjeringskonstellasjonar.
Langt verre er det at statsministeren heller ikkje har styr på eigne regjeringsmedlemer. Fleire av statsrådane har i tur og orden kome med utspel som ikkje har dekning korkje i regjeringa sin politikk eller i samarbeidsavtalen mellom dei fire partia.
Normalt ville ein regjeringssjef ikkje ha tolt slikt dobbeltspel frå ein regjeringspartnar, men Erna Solberg finn seg i det. Det må ein forstå slik at det er prisen ho må betale for å halde Frp i regjering. Det som er vanskeleg å forstå, er at Erna Solberg ikkje ser at dette svekkar autoriten hennar som statsminister. For kvar slik runde får både opposisjonen, men også dei to samarbeidspartnarane KrF og V, nye kort på handa som kan nyttast effektivt i nye forhandlingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.