Ski-VM
FIS tek grep
FIS-president Johan Eliasch har teke kontroll over TV-rettane til skisporten. Foto: Lise Åserud / NTB
Foto: Lise Åserud / NTB
I 2021
blei den svensk-britiske forretningsmannen og milliardæren Johan Eliasch vald
til ny president i Det internasjonale skiforbundet. Han kom frå toppstillinga i
Head-konsernet, som driv med tennisracketar og alpinutstyr.
Eliasch såg eit stort
potensial i skiidretten og ville ha ein slutt på at nasjonale forbund selde TV-rettane sine til Infront, som så selde dei vidare. Han ville ha full kontroll, og stikkordet
var sentralisering. Dette har mellom
anna skiskyttarane lukkast godt med.
Det blei
bråk i skiforbunda, men det var nok ikkje sjølve sentraliseringsideen dei var
ueinige om – det var prosessen. I slutten av april 2023 gjennomførte Johan Eliasch ei
hemmeleg avstemming i FIS-styret som gav tilslutning til sentraliseringsplanen hans.
Styremedlemene følte seg tekne på senga. Dette resulterte i motkoalisjonen «Snowflake», med nasjonar som Noreg, Tyskland, Sveits og Austerrike. Også Infront uttrykte skepsis
til FIS sin framgangsmåte, og meinte forbundet ignorerte innarbeidde rettar og
eksisterande avtaler.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.