Fiskarstøvlane trampar i utakt
Norges Fiskarlag slår sprekkar. Kor lenge kan laget tale saka for både storkapitalistar og småfiskarar?
Striden om fisken langs kysten spissar seg til. Kystfiskarar i Troms og Finnmark vil no melde seg ut av Norges Fiskarlag. Biletet viser skreifiske utanfor Senja.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
At norske fiskarar ikkje alltid ser likt på ting, er gammalt nytt. Men 18. september kom usemja mellom dei store og dei små i Norges Fiskarlag for alvor til syne. Da vedtok Fiskarlaget Nord, som organiserer kystfiskarar i Troms og Finnmark, å melde seg ut av mororganisasjonen. Fiskarane i den mindre kystflåten i nord kjenner seg ikkje lenger heime i Fiskarlaget. Om vedtaket ikkje blir omgjort, blir utmeldinga ein realitet etter ei oppseiingstid på tre år, og Norges Fiskarlag misser truleg kring 20 prosent av medlemene sine. (Fiskarlaget Nord har kring 750 medlemer, etter det Dag og Tid kjenner til, men medlemstala i Norges Fiskarlag er ein ganske uviss storleik. Det temaet kjem vi attende til om litt.)
Men sjølv om vedtaket er eit dramatisk brot, er ikkje splittinga ny. Utmeldinga er å rekne som ein protest både mot lina til Norges Fiskarlag og mot fiskeripolitikken – som ofte har vore to sider av same sak.
Færre hender
– Det har alltid vore spenningar i fiskerinæringa. Mellom store og små, mellom havflåten og kystflåten. Men kvotesystemet har ført til at stadig meir av ressursane hamnar på stadig færre hender, seier Roger Hansen, styreleiar i Fiskarlaget Nord. Han er på veg inn til Skarsvåg i Finnmark med kongekrabbe da Dag og Tid ringer.
– Den mindre kystflåten som gjev grunnlag for sysselsetjing og busetnad i nord, blir råka, og det har alvorlege konsekvensar for kystsamfunna.
Det er ikkje først og fremst den gamle konflikten mellom kystfiskarar og havgåande trålarar det handlar om no. Trålarane har ikkje auka delen sin av den totale torskekvoten – den har vore kring 30 prosent i 30 år. Problemet er at kystflåten har endra andlet. Fram til 2008 kunne berre båtar under 28 meters lengd fiske på kystkvotane. Så opna den raudgrøne regjeringa opp for større båtar i kystfisket, og i dag kan fartøy på opptil 55 meter fiske på mange av dei same felta som småsjarkane. Og når slike storbåtar nyttar snurrevad som reiskap, er dei ikkje mindre effektive enn trålarane. Ein snurrevadbåt kan ta hundre tonn i eitt hal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.