Kommentar

Fisken som korrumperte Noreg

Ei ny bok viser korleis oppdrettslaks endra Noreg.

Publisert

Vi nordmenn er lærte opp til å tenke på Noreg som eit land der ting vanlegvis skjer etter boka. Byråkrati og forvaltning kjenner si rolle og opptrer nøytralt og ansvarleg. Vi reknar det som sjølvsagt at vitskapen skal vere objektiv og fri.

Vi trur at politikarar har auge for heilskapen og ikkje jobbar på vegner av pengesterke særinteresser. Dei ulike aktørane er trygge i rollene sine og utfører sin del av jobben med integritet. Dette sikrar maktbalanse, at ulike omsyn blir ivaretatt, i tråd med demokratireglane.

Om du trur Noreg i dag fungerer på denne måten, bør du lese boka til Kjetil Østli og Simen Sætre, som blir lansert i dag. Ho kan dessverre få deg til å endre meining. Boka Den nye fisken er historia om korleis norske styresmakter, forvaltning, forsking og politikk gløymde rollefordelinga og på ein særs uheldig måte blei samanfiltra i arbeidet med å fremje interessene til oppdrettsindustrien. Nærast koste kva det koste må, og med lite omsyn til andre interesser, som miljø, havets økosystem, dyrs velferd – og kanskje folks helse.

Det viktige med boka er ikkje at ho avdekker feil og uhell og at enkelte nokre gonger kan ha dårleg dømmekraft. Slikt vil alltid skje. Det boka dokumenterer, er mykje alvorlegare: at det rundt oppdrett er bygd opp eit system som skader demokratiet. Mange av aktørane får løna si frå oss, fellesskapen, men er tannhjul i eit samkøyrt maskineri som arbeider for å verne og fremje oppdrettsindustrien.

Eg veit ikkje heilt kor eg skal begynne. Østli og Sætre er innom ei lang rekke viktige felt og hendingar frå 1970-talet til i dag. Forfattarane har arbeidd i mange år med boka, og det starta som ein artikkelserie i Morgenbladet («Mørke motkrefter»). Dei veit at industrien, og det store og pengesterke apparatet dei rår over, kjem til å leite med lupe etter feil og å gjere eit stort nummer ut av det om dei finn noko. Derfor har dei sjølvsagt vore nøye med all dokumentasjon.

Dei har nytta e-postjournalar, intervju med folk i mange land, lese store mengder rapportar, artiklar og faglitteratur. Samstundes som grunntonen er kritisk, har forfattarane ambisjonar om å gi eit ganske heilskapleg bilete. Dei er ikkje først og fremst mot oppdrett, men for godt miljø og forsvarleg forvaltning. Kritikken er konkret og presis. Resultatet er tillitvekkande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement