Flyet som skulle bli så billeg
F-35-programmet vart starta for å spare pengar. Det vart tidenes dyraste militærprosjekt.
STRENG: Senator John McCain var ein hard kritikar av F-35-programmet og kalla det «ein skandale og ein tragedie».
Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB
Arbeidet med det som skulle bli F-35, tok til alt i 1990-åra. Den kalde krigen var slutt, og regjeringa i USA ville kutte i dei enorme militærutgiftene. Samstundes skulle fleire kampflymodellar snart fasast ut og erstattast med noko nytt. Da kom ideen om eit alt i eitt-fly som kunne dekkje behova til både flyvåpenet, marinen og marinekorpset i USA, og i tillegg brukast av allierte land. Det skulle eigne seg til både luftkamp og bombing, og ha såkalla stealth-teknologi som gjorde det vanskeleg å sjå på radar.
Eit fly som fylte ei rekkje ulike roller og kunne seljast i tusental til gode vener rundt i verda? Da vart det stordriftsfordelar, og produksjonskostnadene per fly kom til å gå stadig nedover. Det verka som ein god idé.
Sveitsarkniv
Konseptet likna litt på dei klassiske sveitsiske lommeknivane, dei som var utstyrte med alt frå lupe og pinsett til saks og skrutrekkjar. Men sjølv om desse knivane kunne nyttast til mangt, var dei ikkje verkeleg gode til noko, og dessutan var dei for tunge til å ha i lomma. Liknande problem viste seg snart med det planlagde alt i eitt-flyet til USA.
I 2001 vann selskapet Lockheed Martin konkurransen om å utvikle det nye kampflyet. For å møte krava til dei ulike delane av det amerikanske militæret måtte ingeniørane ty til ei rekkje kompromiss. Luftforsvaret ville ha eit fly som dominerte luftrommet. US Marines ville ha eit fly som kunne lande vertikalt som eit helikopter. Flyet vart både tyngre og tregare enn det vart tenkt å vere, og det måtte utviklast tre ulike variantar. Og ikkje minst vart det uhorveleg mykje dyrare enn tenkt.
Ein av grunnane var at Lockheed Martin fekk svært frie taumar i utviklinga av flyet og sjølv hadde ansvar for å planleggje og gjennomføre testflygingane. F-35 vart stadig utsett, og prisen steig og steig år for år. Senator John McCain, som sat i forsvarskomiteen, var ein svært hard kritikar av F-35. I 2011 kalla han programmet ein «skandale og ein tragedie» og opna for å droppe heile flyet. Men det var kome for langt. For tida er overslaget at USA kjem til å bruke ufattelege 18 billionar kroner – ikkje milliardar, men billionar – på F-35.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.