Kommentar
FNs tryggingsråd og den vonde verda
I verda aukar fattigdom og svolt, ulikskapen er over i perversitetens rekkjer, økosystem kollapsar, kloden kokar, og krigar og væpna konfliktar herjar i større omfang enn nokosinne sidan andre verdskrig. Kva har skjedd med vår garantist mot krig, FNs tryggingsråd, som nett har som oppgåve å sikre internasjonal fred og tryggleik?
Sergej Lavrov, utanriksminister i Russland og for tida leiar for Tryggingsrådet til FN, konfererer med den faste russiske FN-ambassadøren Vasilij Nebenzia på eit møte i Tryggingsrådet 24. april 2023.
Foto: John Minchillo / AP / NTB
Den manglande evna Tryggingsrådet har til å tukte vetomakta Russland for aggresjonskrigen mot Ukraina, lyser mot oss frå alle kantar. Så lenge Tryggingsrådet ikkje har karakterisert krigen som aggresjon i ein resolusjon under kapittel VII, kan ingen statar tvingast til å leggje dette til grunn, men har rett til å vere nøytrale eller til og med støtte Russland.
Det er ikkje heilt ulikt ein dom for drap. Har du drepe nokon, men så kjem ikkje saka opp for retten, kan du kallast drapsmann, men du kan ikkje straffast for det. Russland går vørdslaust vidare i FNs tryggingsråd etter å ha «blokkert ein dom mot seg sjølv» gjennom vetoretten sin.
Men Russlands aggresjonskrig har eskalert motsetnadene mellom dei permanente medlemmene av Tryggingsrådet. Då Russland i juli la ned veto mot forlenging av humanitær tilgang i Syria, vart det av mange trekt fram som nok eit døme på at Tryggingsrådet etter Russlands aggresjonskrig ikkje kan spele den rolla det er tiltenkt for verdsfreden. Er FNs tryggingsråd sett ut av spel?
Det korte svaret er faktisk nei. På nokre område går arbeidet i Tryggingsrådet sin vande gang. I sommar har rådet til dømes fatta vedtak om å forlenge FN-operasjonen på Haiti, observatøroperasjonen i Jemen, og eit nytt vedtak under kapittel VII om Den sentralafrikanske republikken, eit land der russiske og franske interesser står mot kvarandre.
Russland og Kina avstod frå å stemme for, men lét vere å blokkere resolusjonen. Dei gav uttrykk for at vedtaket burde gå lenger i å «imøtekomme viljen til styresmaktene» (og dermed styrkje russiske interesser på kostnad av franske). På andre kontinent enn det europeiske ser dei store etter kvart ut til å hente fram pragmatismen – om enn motvillig – for å halde dei mange konfliktane som rasar, i sjakk.
Men Russland nytta altså sommaren til å leggje ned nok eit veto mot å forlenge tryggingsrådspåtvinga humanitær tilgang frå Tyrkia til Syria under kapittel VII. I år måtte likevel Russland grunngi kvifor dei hadde lagt ned veto framfor FNs generalforsamling, der alle statar i verda sit, i tråd med den einstemmige, men ikkje-bindande resolusjonen frå mars 2022, som krev at eit permanent medlem av Tryggingsrådet som legg ned veto, frå no av må grunngi dette og gå kanossagang framfor «alle verdas statar». Håpet er at det vil auke terskelen for slike veto.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.