Rasisme
Fødd, oppvaksen og myrda i Tyskland
Ei tysk bok om ni rasistisk motiverte drap i 2020 har blitt ein bestseljar. Ho handlar om offera, ikkje gjerningsmannen, og om den villfarne politi- og rettsstaten.
På ein mur i Frankfurt ser vi dei ni som blei skotne i Hanau i 2020. Gökhan Gültekin er ei viktig stemme i boka om dei.
Foto: Andreas Arnold / DPA
For fem år sidan, den 19. februar 2020, vart ni menneske drepne på møtestader ute i byen Hanau, av ein 43 år gamal tysk mann med høgreekstreme sympatiar. Etterpå køyrde han heim og skaut både mor si og seg sjølv.
I fjor kom boka til Cetin Gültekin og Mutlu Kocak som fortel om angrepet som har plassert den vesle byen Hanau på Tysklands-kartet. Tittelen er like hard som realitetane: Geboren, aufgewachsen und ermordet in Deutschland (Fødd, oppvaksen og myrda i Tyskland).
– Tyskland treng denne boka. Ho handlar om kva rettferd kan vere i etterkant av slike hendingar, seier Cetin Gültekin.
Vi møttest til ein panelsamtale ved Universitetet i London. Han forventa nok likevel ikkje at boka skulle ende på bestseljarlistene til Der Spiegel.
I boka fortel dei to forfattarane livshistoria til ein av dei ni, Gökhan Gültekin. Han var veslebroren til Cetin, 37 år då han vart skoten og drepen, ute på byen i lag med vener. Boka handlar om Gökhan, Cetin og familien deira, men òg om dei andre offera, familiane deira og det samfunnet dei er ein del av.
I haust har dei to forfattarane reist rundt i Tyskland og England med boka. Dei fortel ei historie om rasistisk motiverte drap som så langt ikkje har blitt behandla i retten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.