Fiktivt

Folkekyrkja freista få

Oppvasken er i gang etter at rekordfå medlemer i Den norske kyrkja røysta ved kyrkjevalet.

I haust kunne kyrkjemedlemer røyste ved kyrkjevalet samstundes som det var kommunestyre- og fylkestingsval, men mange droppa det.
I haust kunne kyrkjemedlemer røyste ved kyrkjevalet samstundes som det var kommunestyre- og fylkestingsval, men mange droppa det.

Enkelte kan ha sett kyrkjekaffien i halsen då det førebelse resultatet av kyrkjevalet vart klart for eit par veker sidan. Tala frå Den norske kyrkja viste at færre enn éin av ti medlemer hadde teke seg bryet med å røyste.

Dette trass i at medlemene for første gong ikkje eingong trong å oppsøkje eit vallokale, men enkelt kunne førehandsrøyste ved å klikke seg inn på ei nettside og røyste digitalt, på sin eigen skjerm i si eiga stove, på bussen eller kvar det skulle vere.

Så enkelt kunne kyrkjemedlemer vere med og påverke både kven som skulle få plass i soknerådet, og kven som skulle møte i bispedømeråda og Kyrkjemøtet, som er det øvste valde organet i kyrkja. Men det var det altså ikkje så mange som gjorde. Ikkje fleire enn 8,9 prosent, for å vere presis.

Dårleg vits?

Dei spissformulerte reaksjonane kom kjapt. Pensjonist og vikarprest Knut Sand Bakken spurde i Dagbladet om kyrkjevalet var ein dårleg vits. Arve Juritzen, som sjølv stilte til val, sa til avisa Dagen at den låge oppslutninga måtte vere spikaren i kista for den valordninga kyrkja har i dag.

For oppslutninga er ein nedgang frå 2019, då 12,6 prosent røysta, for ikkje å snakke om frå 2015 då oppslutninga var på 16,7 prosent. I 2011 røysta 13,47 prosent ved valet og i 2009 13 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement