Politikk

Folkerøysta vert nesten alltid følgd

I nesten alle rådgjevande folkerøystingar dei siste åra har folkemeininga vorte høyrd. I februar trassa politikarane folket to gonger.

I Fredrikstad og omland røysta folket mot samanslåing i 1994, men resultatet vart ikkje teke til følgje.
I Fredrikstad og omland røysta folket mot samanslåing i 1994, men resultatet vart ikkje teke til følgje.

I februar gjekk dei folkevalde mot folkerådet to gonger i to vidt ulike saker. Først valde kommunestyret i Hemsedal å trasse folkemeininga då dei avskaffa nynorsk i hemsedalsskulen. Så vart enden på den mykje omtalte soga om Innlandet at fylket fekk vare ved. Stikk i strid med det folket hadde røysta for i den heildigitale folkerøystinga.

Oversikta Statistisk sentralbyrå (SSB) fører over lokale folkerøystingar, syner at det er høgst uvanleg at politikarane trassar folkerådet. I 90,8 prosent av tilfella mellom 1970 og 2020 har folkemeininga vorte følgd. På 50 år har lokalpolitikarar gått imot folkerådet berre 79 gonger. Flest gonger i spørsmål om grenser.

Statsvitaren Tor Bjørklund har teke doktorgrad på folkerøystingar i Noreg. Han skjønner at forkjemparane for oppsplitting av Innlandet er skuffa.

– Det var eit knapt fleirtal, rundt berre kvar fjerde av dei røysteføre ønskte oppløysing. Så eg finn det ikkje urimeleg at det var rom for skjønn. Likevel var det uheldig å dra inn andre former for rådspørjing. Det gjorde det uklart kva ein faktisk røysta over.

Rådgjevande

Sigrid Stokstad, førsteamanuensis for offentleg rett ved Universitetet i Oslo, meiner at folkerøystingar er eit godt demokratisk supplement. Ho seier det er kommunelova som gjev føringar for folkerøystingar lokalt. Lova seier at kvart kommunestyre eller fylkesting sjølv kan avgjere at ein skal halde folkerøysting. Likevel påpeiker ho at resultatet berre rådgjevande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement